Stengt dagkirurgi i Helse Førde

Helse Førde har i dag stengt Dagkirurgisk senter ved Førde sentralsjukehus.

Årsaka er situasjonen med koronavirus som gjer at føretaket har mange tilsette som no er  i karantene.

- Vi har valt å stenge ned dagkirurgien slik at vi kan gje hjelp til dei mest alvorlege pasientane våre. Vi treng tid til å førebu oss på ein situasjon dei vi kan få inn mange pasientar som er smitta av koronaviruset, seier avdelingssjef Robert Brennersted.

Dei som får utsett time vil bli kontakta av Helse Førde. Det er ikkje nødvendig å ringe sjukehuset. Det er uvisst kor lenge stenginga vil vare.