Stengjer sjukehusa for besøkande

Helse Førde set no i verk nye tiltak for å avgrense besøk på sjukehusa. Berre mindreårige, funksjonshemma og pasientar som ligg på det siste, kan ha besøk. Berre born og funksjonshemma kan ha med ein person som følgje til avtalt time.

- Vi er klar over at dette er strenge og inngripande tiltak, men ser dette som eit heilt nødvendig tiltak for å hindre spreiing av smitte i sjukehusa våre. Helse Førde har dei siste dagane hatt ein stabil situasjon med tanke på spreiing av viruset. Det ønskjer vi skal halde fram så lenge som råd, seier administrerande direktør Arve Varden.

Berre born under 18 år og funksjonshemma kan ha følgje av ein person til avtalte timar eller få besøk på sjukehuset. Desse pasientgruppene kan også ha besøk av ein pårørande eller kjenning per døgn. Følgje eller besøk skal alltid avklarast med aktuelle avdelingar på førehand.

Pasientar som er i fare for å døy, kan ha besøkt av maksimalt tre pårørande eller kjenningar per døgn. Dette skal organiserast som eitt besøk, og alle besøkande må vere symptomfrie.

Følgje eller besøk skal alltid avklarast med aktuelle avdelingar på førehand.

Dei nye reglane som Helse Førde innfører frå no, gjer at partnarar ikkje får vere med på rutineultralyd. Partnarar som er symptomfrie og ikkje kjem inn under karantenereglementet til Folkehelseinstituttet, kan få vere med på fødslar. Dette skal avklarast med fødeavdelinga på førehand. 

Pasientar som kjem til sjukehusa i drosje, vil bli tekne mot av helsetilsette ved hovudinngangane. Drosjesjåførar skal ikkje lenger følgje pasientar inn på sjukehusa. Same gjeld for privatpersonar som køyrer pasientar til time.

Tilsette i helse- og omsorgstenesta er svært utsette for å bli smitta.

- For å ha nok personell til å handtere ein situasjon med fleire smitta, er det heilt avgjerande for oss å hindre spreiing av smitte i sjukehusa våre. Vi ber om forståing for at dette er naudsynt, og er takksame overfor publikum og pasientar som er tolmodige og viser forståing for situasjonen vi er oppe i, seier administrerande direktør Arve Varden.