Statsministeren vitjar Helse Førde

Statsminister Erna Solberg kjem på besøk til Førde sentralsjukehus tysdag 10. januar.

 

Statsministeren har sett av ein time på sjukehuset. Styreleiar Agnes Landstad vil ønskje ho velkomen til FSS.

Deretter får Christian Moltu høve til å presentere tilbakemeldingssystemet NORSE. Statsministeren skal også møte ein pasient som har brukt NORSE.

I tillegg skal adm. dir. Jon Bolstad fortelje statsministeren om korte ventetider i Helse Vest, og kva som er gjort for at ventetida er aller kortast i Helse Førde.

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​