- I Helse Førde er vi svært glade for at Erna Solberg har takka ja til vår invitasjon til å legge ned grunnsteinen for det nye sjukehuset, seier Helse Førde sin administrerande direktør Arve Varden.
Statsministeren skal delta i ein enkel seremoni i samband med grunnsteinnedlegginga, og av smittevernomsyn blir eit avgrensa tal personar invitert til arrangementet.
Grunnsteinen som statsminister Erna Solberg høgtideleg skal legge ned, vil ligge i det som blir ei ny hovudblokk på åtte etasjar. Det omfattande moderniserings- og utbyggingsarbeidet ved sjukehuset skal pågå fram til 2028, og vil mellom anna gje meir enn hundre nye sengerom.
Dei fleste av desse blir einerom. Nybygget skal også romme fire nye fødestover ved kvinneklinikken, ein ny sengepost for føde- og barselomsorg samt ein ny avdeling for barn. I tillegg blir det fleire nye, avanserte spesialrom som vil auke kapasiteten på undersøkingar og utgreiing av sjukdom. Vidare kjem det ny operasjonsavdeling med åtte operasjonsstover som avløyser dagens stover frå 1970-talet. Ved avdelinga kjem også ny observasjonspost og ny post for oppvakning.
Livabygget skal etter planen stå ferdig i løpet av 2024.
Førde sentralsjukehus stod opphaveleg ferdig i 1979, og er påbygd ei rekke gonger sidan. Dagens hovudblokk, Svanabygget, er i store trekk original frå byggeåret, og er saman med sjukehusparken verna av Riksantikvaren.