HELSENORGE

Stas for Livabygget

- Helse Førde er i gang med eit stort moderniseringsarbeid som vil gi innbyggarane i Sogn og Fjordane eit godt og framtidsretta sjukehus, sa statsminister Erna Solberg under grunnsteinmarkeringa for Livabygget.

 

 

Nedlegging 1.jpg

Statsminister Erna Solberg og fylkesleiar i N.K.S. Vestland-Nord, Anne Marie Strømsøy la ned grunnsteinen for Livabygget. Foto: Ravindra Seneviratne

​Framfor gjestar frå lokale og regionale offentlege institusjonar, byggindustri og representantar frå helseføretaket understreka statsminister Erna Solberg kor viktig modernisering også er for å fornye arbeidsformer i helsevesenet.

Hovudinntrykket etter grunnsteinmarkeringa er at det er brei oppslutnad rundt moderniseringa av Førde sentralsjukehus, der Livabygget står som det største delprosjektet så langt i Helse Førde.

Vilje til samarbeid

- Vi har ikkje lenger strid om sentralsjukehuset, eller strukturar i Sogn og Fjordane. No er det samarbeid som gjeld - på alle område, sa ordførar i Sunnfjord kommune Olve Grotle. Og han fekk støtte av ordførar i Stad kommune Alfred Bjørlo; - Eg gler meg over det store løftet som no blir gjort for å fornye det nedslitne Førde Sentralsjukehus, og at vi no saman skal utvikle både framtidsretta lokalsjukehustenester og gode helsetenester i fellesskap i Sogn og Fjordane og Vestland. Tida for strid er over, no skal vi løfte i flokk.

- Denne einigheita gir god energi inn i andre utviklingsområde i Helse Førde. Modernisering er ikkje berre nybygg og utvikling av helsetenester og kompetanse. Helsefellesskapet mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta er kjernen i eit samanhengande helsevesen. Her ser vi gode mogelegheiter til å medverke til god utvikling, seier administrerande direktør Arve Varden.

2021-08-03_Grunnsteinmarkeringa_Talar_Grotle_Solberg_Herlofson_Bjørlo.jpg

Tv. Ordfører i Sunnfjord Olve Grotle, statsminister Erna Solberg, generalsekretær i N.K.S Grete Herlofson og ordførar i Stad Alfred Bjørlo.

Helsefellesskap meir enn berre offentleg samarbeid

Saman med Statsministeren vart Norske Kvinners Sanitetsforeining invitert til å legge ned grunnsteinen. I sin tale sa generalsekretær Grete Herlofson at det var ein festdag også for Sanitetskvinnene.

- Våre over 40000 medlemmar over heile landet heiar på den flotte utviklinga de på sjukehuset i Førde står midt i. Takk for at de prioriterer å gi barn ein god velkomst til livet, takk for at de prioriterer kvinnehelse, og takk for at de inviterte oss til å få vere med på å markere denne viktige hendinga. Vi gleder oss til å følge utviklinga, og vil no for alltid ha eit spesielt hjerte for Livabygget og det tilbodet som vil følgje, avslutta Grete Herlofson.

2021-08-03_Gruppebilde NKS 1.jpg

F.v.: Administrerande direktør i Helse Førde Arve Varden, styreleiar i Helse Førde Agnes Landstad, statsminister Erna Solberg, fylkesleiar i N.K.S. Vestland-Nord, Anne Marie Strømsøy og administrerande direktør i Helse Vest Inger Cathrine Bryne.

2021-08-03_Grunnsteinmarkeringa_Annika Beinnes_Harald Dahlstrøm.jpg

Musikalsk gåve til statsminister og gjestar var songaren Annika Beinnes med akkompagnement av Harald Dahlstrøm. Annika blir skildra som ein av Vestlandet sine store talent. Ho studerer klassisk song på Griegakademiet i Bergen, og frå hausten skal ho til København for å studere på det Kongelige Danske Musikkonservatorium.

2021-08-03_Grunnsteinmarkeringa_gjestar.jpg

Eit oppmerksomt publikum.