Startar arbeidet med prehospital plan

Styret i Helse Førde har avgjort å setje i gang arbeid med ein prehospital plan.

HF5-001.jpg

KLARE TIL UTRYKKING: Luftambulansetenesta er ein del av det prehospitale området.                                                                           Foto: Oddleiv Apneseth

Overordna mål for arbeidet er «å sikre innbyggjarane i Sogn og Fjordane gode prehospitale tenester og vere ein døropnar for godt samarbeid mellom helseføretaket og kommunane om den akuttmedisinske kjeda.»

Det er styret som har bedt administrasjonen gjennomføre ein prosess for det samla prehospitale området som er tilpassa den økonomiske ramma. Prehospitalt område omfattar ambulansetenesta og akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK).

Tre fasar

På møtet sist veke tok styret til orientering eit utkast til mandat.  Arbeidet skal delast inn i tre fasar.  Første fase no i haust, skal avklare prinsipp, premissar og rammevilkår. Neste vår skal det det lagast ulike modellar som styret så skal ta stilling til. Modellen styret går inn for, skal deretter setjast i verk i i 2018 og 2019.

Direktør for kirurgisk klinikk, Trine Vingsnes, skal vere prosjektleiar. I tillegg til fagfolk, tillitsvalde og verneteneste frå Helse Førde, skal prosjektgruppa ha medlemer frå primærhelsetenesta, kommunane og brukarutvalet.

Bil, båt og helikopter

Helse Førde driv i dag 17 ambulansestasjonar og tre båtambulansar, og har medisinsk personell på luftambulansen og redningshelikopteret i Florø. AMK ligg ved Førde sentralsjukehus.

Arbeidet er organisert som ein del av programmet pasientens helseteneste.

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​