Denne opprustinga har pasientar, tilsette og brukarar av sjukehuset etterlyst lenge. Den fantastiske sommaren i fjor gjorde behovet for solskjerming så akutt, at dette måtte prioriterast.
- Vi på teknisk drift er glade for at det no er løyvt pengar til solskjerming, og vi ser fram til å komme i gang med arbeidet, seier prosjektleiar Jens Otto Hestad.
Solskjerminga er prøvemontert i 6. etasje
Materialet er ein senke- og heveduk, som automatisk blir styrt frå ein vêrstasjon. Duken skjermar for sol og hindrar at vindauga blir oppvarma. Duken er ikkje heilt tett, slik at det er mogeleg å sjå konturar av utsikta gjennom duken. Løysing og bronsefargen på duken er godkjent av Riksantikvaren, og vurderinga er at denne løysinga vil stå fint til fasaden.
Liknande solskjerming er montert på Bygg-Aust og erfaringa viser at dette er ei løysing også for resten av sjukehuset. At duken har eit vist gjennomsyn, og er robust i høve til vind og vêr, har vore ein del av løysingsvalet.
Montering av solskjerming er lyst ut på anbod
Det er avsett midlar i budsjettet for tiltaket i år. Storleiken på tilboda vil seie noko om kva for omfang/tal vindauge som blir skjerma i denne runden. Monteringa av solskjerminga vil starte på vestveggen i 8. etasje, og målet er å komme i gang med arbeidet til våren.