Folkemøte
Stad: Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Storehagen 1 A, Førde
Dato: 06.10.2021
Klokka: 18.00 - 20.00
Musikalsk innslag: Kvinnekoret Kvitre
Enkel servering
Arrangementet er gratis
Innleiarar på møte:

Overlege Helge Sårheim ved lindrande/palliativt team og
Sjukehusprest Helene Langeland
Sårheim og Langeland arbeider begge med alvorleg sjuke og døyande i Helse Førde. Dei vil dele tankar, erfaringar og refleksjonar omkring døden og livet.
Samarbeidande arrangørar er Sunnfjord kommune, Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT), Kreftforeningen, Helse Førde og Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest.
Verdsdagen for lindrande behandling
Kvart einaste år vert den internasjonale dagen for lindrande behandling markert med mange arrangement verda over. I år er tema for vårt lokale arrangement å snakke om døden og stille dei vanskelege spørsmåla.
Jeg
finner nok fram
Døden
er ikke så skremmende som før.
Folk jeg var glad i
har gått foran og kvistet løype.
De var skogskarer og fjellvante.
Jeg finner nok fram.
Kolbein Falkeid
Den sjuke og dei pårørande har mange tankar, bekymringar og uro over den situasjonen dei er komne i.
Er det lindring for smertene og plagene mine? Er det smertefullt å døy? Tek ikkje morfin livet av meg? Kven er der for meg når eg skal døy? Kan vi finne livsglede når døden er ein uønskt gjest som bankar på? Skal vi frykte døden, eller kan vi finne meining i det meiningslause?
Blir livet meir levande fordi vi veit at vi skal døy?
Kan eg snakke om døden med den som er sjuk? Kva tid passar det å snakke om døden? Er det ikkje ei falitterklæring å snakke om døden når medisinske framsteg gjer at fleire lever lenge med vissa om at dei snart skal døy?»
Døden er ein realitet for alle menneske, og døden er eit mysterium. Kan ein gjere dette mysteriet mindre ved å snakke om døden?
Velkomen til ei stund med undring og refleksjon i godt lag med Helge og Helene.