Smittevernet i Helse Førde vann Kvalitetsprisen 2020

Kunstverket «Keep your heels, head and standards high» var premien til vinnarane av årets kvalitetspris i Helse Førde. Tittelen passar svært godt på vinnarane – som kombinerer kompetanse og klart hovud med openheit for det nye, motivasjon til kontinuerleg forbetringsarbeid og stor innsats, i følgje juryen.

​Kvalitetsprisen vart delt ut fredag ettermiddag framfor eit avgrensa publikum i auditoriet ved Førde sentralsjukehus, men tilsette i føretaket kunne likevel følgje utdelinga  på videostrømming.
 
Kvalitetsprisen 2020_web.jpg
STOLTE VINNARAR: Frå venstre Laila Aarnes, Aina Helland, utviklingsdirektør i Helse Førde Anne Kristin Kleiven, administrerande direktør Arve Varden, Åse Skare og Kari Holvik Furevik. Lise Sørensen var ikkje til stades under utdelinga.

Åtte nominerte
Prisen vart altså tildelt smittevernet ved seksjonsleiar Kari Holvik Furevik saman med hygienesjukepleiarane Åse Skare, Laila Aarnes, Lise Karin Sørensen og Aina Helland. Saman var dei ein av åtte nominerte kandidatar til årets pris.
Juryen grunngav sitt val med at smittevernet har lagt ned ein innsats som har vore ekstraordinær, ikkje minst under den krevjande smittesituasjonen som har vore dette året.
Mellom anna peikar juryen på at det gode arbeidet i smittevernet bidrog sterkt til at også statsråden har rosa Helse Førde for arbeidet.
 
Spreier fagkunnskap
«Hygienesjukepleiarane er fagfolk med høg kompetanse og erfaring innan hygiene og smittevern.
Dei driv kontinuerleg formidling av kunnskapen sin - til legar, sjukepleiarar, reinhaldarar, helsefagarbeidarar, portørar, ambulansepersonell og mange fleire...
Overalt i sjukehusavdelingane våre spreier hygienesjukepleiarane fagkunnskapen gjennom undervising, trening og simulering. Og dei gjer det med stort engasjement. Dei tre nominasjonane peikar alle på at smittevernet møter våre tilsette på ein positiv måte. Når ingen spørsmål er dumme, kan ein også spørje om alt. Dette er viktig for sikkerheitskulturen i Helse Førde."
 
Også i kommunane
"Smittevernet har mykje aktivitet retta utover, og samarbeider godt med kommunane i nedslagsfeltet vårt. Også utanfor sjukehusa driv dei infeksjonskontrollprogram, undervisning, simulering og rådgjeving. Tilbakemeldingane er svært gode. Det seier mykje at ei gruppe kommunale smittevernoverlegar i 2019 nominerte nettopp våre hygienesjukepleiarar til å bli Årets smittevernar i Norge.»
Og vidare: «Hygienesjukepleiarane har gjennom arbeidet sitt bidratt sterkt til at Helse Førde oppnår gode resultat, både når det gjeld infeksjonskontroll i avdelingane, men også når det gjeld å redusere bruken av breispektra antibiotika. Helse Førde var mellom dei første foretaka som nådde målet om 20 prosent reduksjon i bruken av desse.»
Vinnarane av Kvalitetsprisen fekk tildelt ovanfor nemde kunstverk og ein sjekk på 80.000 kroner som skal gå til kvalitetsarbeid. Helse Førde har delt ut Kvalitetsprisen kvart år sidan 2015.