Smertepoliklinikk starta i Florø

Helse Førde har starta opp tilbod til pasientar med kroniske smerteplager. Tilbodet vert tilpassa den einskilde pasient sitt behov.

 

Det blir tilbod om systematisk arbeid og ambulante tenester. Tilbodet er for alle pasientar i Sogn og Fjordane. Det er såleis eit fylkesdekkjande behov som Helse Førde no opprettar i Florø, ved SMS senteret der.

Tilbodet har eit tverrfagleg team. Det er lege, psykolog, fysioterapeut, sosionom og sjukepleiar med. Dersom det er trong for det, vil andre faggrupper med naudsynt spesialkompetanse verte konsultert.

Organisering, drift og bemanning føl nasjonale retningslinjer og tilrådingar og bygger på velkjente og anerkjente metodar for undersøking og tiltak. Smertepoliklinikken skal jobbe tverrprofesjonelt og pasientretta.

Tilvisingane til smertepoliklinikken blir vurdert fortløpande og alle pasientar vert kontakta innan 10 dagar etter motteke tilvising for avklaring av behov og avtale for oppmøte/undersøking.

Poliklinikken er organisert under Medisinsk klinikk i Helse Førde.

Kontaktinfo:
Helse Førde, Smertepoliklinikken, postboks 1000, Helse Førde, 6807 Førde. Telefon 578 39 163.