Slik skal Nye Førde sjukehus bli

Alle pasientane på sengepostane får einerom. Dette er ei av fleire tilrådingar når Nye Førde sjukehus no tek form. Planane i Helse Førde omfattar ei rekke endringar i høve dagens sentralsjukehus, og byggestart er planlagt i 2019. 

 

​Ei rekke tilrådingar for det nye sjukehuset i Førde vart presentert for  leiinga i Helse Førde denne veka.  Seks arbeidsgrupper har kome med sine forslag som skal sikre at Helse Førde kan oppretthalde eit sterkt fagleg og samtidig berekraftig sjukehustilbod til folket i heile Sogn og Fjordane.

 

Krevjande prioriteringar
- Det er spennande å sjå det nye sjukehuset ta form, men samtidig er det mange krevjande  prioriteringar og val som vi må ta innanfor tøffe økonomiske rammer. Det er mange sprikande ønskje og behov i desse prosessane, seier konstituert administrerande direktør i Helse Førde, Børge Tvedt.
Nye Førde sjukehus blir ei blanding av reine nybygg og ombygde og moderniserte delar av det «gamle» sjukehuset. Planlegginga av sjukehuset er ein lang og krevjande prosess. Dei seks arbeidsgruppene arbeider på basis av konseptet frå 2015, då den første avgjerda om investeringane vart fatta.

Innlagde pasientar får enkeltrom
Stikkord for det som no ligg på bordet er mellom anna at det blir enkeltrom på sengepostane. I dag har sengepostane fleirsengsrom, hovudsakleg med fire senger. Vidare er tilrådinga at ein skal finne desse løysingane i eksisterande høgblokk, slik at sengepostane får plass i den eksisterande høgblokka.  Vidare skal satsinga på poliklinisk verksemd styrkast ytterlegare, og tilboda skal utvidast. Dersom desse planane blir realisert, inneber det at endå fleire pasientar som kjem til sjukehuset i framtida får behandling og reiser heim att same dag.

Skal utnytte behandlingsromma betre
Her er ein nøkkelfaktor at dei polikliniske behandlingsromma skal utnyttast fleire timar i døgnet enn i dag. På grunn av at Helse Førde har relativt sett mange spesialitetar og lite pasientgrunnlag, blir desse romma i dag nytta fire timar i døgnet. Elles i landet er det normalt at nye sjukehusprosjekt blir planlagt med  åtte til ti timars bruk av behandlingsromma. Helse Førde har eit mål om å komme opp frå fire til seks timars bruk på dei nye poliklinikkane. Åtte timar er ikkje vurdert som realistisk.

Psykisk helsevern i nytt bygg
Då Helse Førde i 2015 fekk tilsegn om investeringstøtte i 2015 var eitt av vilkåra at satsinga på psykisk helsevern skulle trappast opp. I planane som no er utarbeidde, held ein fast på planen frå 2015, og psykisk helsevern samlar såleis sine tenester i nytt bygg ved sjukehuset.
Pasient- og sjukehotellet er også planlagt inn i ein av etasjane i den eksisterande høgblokka. Denne løysinga kan gje større fleksibilitet med omsyn til sengebehovet på postane.

Generelt blir det no tilrådd at bruken av dei nye bygga skal vere mest mogeleg fleksibel, og også at det blir lagt til rette for å kunne gjere endringar i romprogrammet undervegs vidare i prosjektet.

Slik er løypa framover
Blir tilrådingane vedtekne i Helse Førde-styret 24. november, vil arbeidet med detaljeringa av Nye Førde sjukehus ta til for fullt. Då kjem arkitektar og tekniske rådgjevarar på bana. Fram mot neste sommar vil dei endelege prioriteringane bli gjort og planane blir vidareutvikla og detaljert. I denne tidsplanen er det lagt opp til at Helse Vest tek ei endeleg investeringsavgjerd hausten 2018.

Startløyvingane til prosjektet kom over statsbudsjettet i 2017 og 2018, og føresetnaden er at det kjem oppfølgande løyvingar framover.

Ingen kan få alt innfridd
Byggjestart er planlagt i 2019, med ein byggjeperioden pål seks år. Sjukehuset skal vere i full drift gjennom heile perioden.

- Dette er eit omfattande prosjekt, og vi har vore opptekne av at brukarane blir høyrde, for å sikre best mogleg faktagrunnlag før vi tar viktige vegval. Tilrådingane våre har basis i dette, og vi har fått svart ut dei viktigaste behova. Samtidig er det klart at ingen kan få alt dei ønskjer seg, seier Børge Tvedt.  – Det vi ønskjer er at alle, både pasientar, pårørande og tilsette, skal oppleve eit betre og meir framtidsretta sjukehus. 

 

 

 

 

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​