
Slik kan Livabygget, nybygget for somatikk ved Førde sentralsjukehus kommme til å sjå ut. Illustrasjon: Nordic Arkitekter
- Eg er svært glad for at vi har komme så langt. Eit slikt bygg vil vere eit stort framsteg for pasientbehandlinga i vårt område, seier styreleiar Agnes Landstad.
I vedtaket frå dagens møte ber styret administrerande direktør finne ein funksjonsmessig og økonomisk forsvarleg måte å gjennomføre ei utbygging av nybygget for somatikk, Livabygget. Ei utbygging i åtte etasjar gjer at ein stor del av pasientbehandlinga vil verte flytta frå Svanabygget, hovudbygningen frå 1979.
Stort utviklingsarbeid
- Helse Førde har som mål å bygge det beste bygget vi kan få innanfor den kontrakten vi har med entreprenøren Veidekke, seier administrerande direktør Arve Varden.
Helse Førde tildelte rett før jul i fjor ei samhandlingskontrakt på siste del av sjukehusutbygginga i Førde til Veidekke. Dette er ein type kontrakt der byggherre og entreprenør saman utviklar eit råbygg til eit ferdig bygg.
- Gjennom utviklingsarbeid med tilsette, rådgjevarar og entreprenør, får vi ei svært god løysing for pasientar og pasientbehandling, meiner Varden.
Intensjonskunngjering
Prosjektet har i utviklingsfasen endra seg frå stor grad av ombygging og mindre nybygg, til ei mindre ombygging og eit større nybygg. Styret ber administrerande direktør gjennomføre ei intensjonskunngjering for å trygge anskaffinga. Ei intensjonskunngjering er ei kort utlysing for å sikre at Helse Førde kan gjennomføre det endra prosjektet med basis i samhandlingskontrakten.
Helse Førde har henta inn tre uavhengige juridiske vurderingar som konkluderer med at anskaffinga er innanfor lovverket. Alle desse tilrår også ei intensjonskunngjering.
- Vi vel å gjere dette no i god tid før gjennomføringskontrakt skal signerast og i ein fase der ei eventuell rettsleg prøving vil ha minst økonomiske konsekvensar, seier administrerande direktør Arve Varden.