Helse Førde driv no eit jordmorsenter på sjukehuset. Der har vi desse tilboda:
• Jordmor tilgjengeleg heile døgnet
• Følgeteneste
• Svangerskapskontroller for gravide i Stad, delar av Kinn og Gloppen
• Etterkontroll for barselkvinner som ønskjer jordmor
• Ammepoliklinikk fast kvar onsdag (det er òg hjelp å få andre dager)
• Føllings prøve (Føllings sjukdom er ein arveleg stoffskiftesjukdom alle norske barn vert undersøkte for)
• Billirubin kontroll (gulsott, leverprøve)
• Vektkontroll på nyfødde
• Fødselsførebuande kurs og ammekurs
Det som er stengt, er altså barseleininga med overnatting for barselkvinner og barn. Årsaka er jordmormangel. Eininga vil vere stengd i en periode no og fram til fleire jordmødrer er på plass.