Det første fartøyet, «Rosesol», er no i drift og stasjonert ved Hardbakke i Solund kommune. Søsterfartøyet vert i juli stasjonert i Florø i Kinn kommune.
Det er eit omfattande utviklingsarbeid som ligg bak dei to nye fartøya, og båtane er ikkje berre eit transportmiddel. Eit velutrusta behandlingsrom gjer at helsepersonell kan gje behandling medan fartøya er i fart.
Behandlingsrommet – den viktigaste funksjonen i båten
Rommet har funksjonelle og ergonomiske løysingar for ambulansepersonell med vekt på tilgang til utstyr for behandling under transport. Båreplass og stol for behandlar er plassert med tanke på minst mogeleg bevegelsar for pasient.
Rommet har kapasitet til å behandle fleire pasientar samstundes, og har eit robust mobilt nettverk som sikrar stabil tilgang til internett, sjukehuset sitt helsenett og elektronisk ambulansejournal. Behandlingsrommet har ein avansert multimonitor, hjartekompresjonsmaskin, varmeskap og desinfeksjonsutstyr for smitteoppdrag. I rommet ved sidan av er det dusj og toalett utforma for rørslehemma.

Foto: Avdelingsleiarane ved ambulansetenesta, Vidar Steen og John Andor Ellingsund fyller behandlingsrommet på «Rosesol» med materiell og utstyr før båten vart sett i drift.
Om bord og ilandstiging vil gå føre seg med hydraulisk gangveg akterut og forut som tek omsyn til flo og fjøre. Ei redningssone på toppdekket gjer det mogeleg å gjennomføre vinsjeoperasjonar med redningshelikopter, både ved å heise helsepersonell ned, men òg løfte pasientar opp.

Foto: «Rosesol» ved kai. Bildet med helikopteret er frå ei nyleg samtrening med redningshelikopteret i Florø.
Det er lagt stor vekt på universell utforming. Båtane er tilpassa for rullestolbrukarar både i behandlingsrommet og passasjersalongen. Avdelinga har åtte passasjerstolar, alle har god utsikt gjennom store vindauge og kameraoverføring på skjerm som viser fartøyet i fartsretning.
Foto:
Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, blir ønska velkommen om bord i passasjeravdelinga av representantar frå
GulenSkyss. Med ryggen til dagleg leiar Frode Sønstabø, og kaptein Sigve
Lerpold.Flåtestyring
Fartøya har tre lugarar for mannskapet, noko som gir mogelegheit for å bu om bord heile døgnet i kortare periodar. Dei kan flyttast til andre område og forsterke beredskapen, som ved stengde vegar eller andre hendingar.
Rosesol sine maritime eigenskapar
Helse Førde og GulenSkyss har jobba tett med Måløy verft og lokale firma for å gjere fartøya best mogeleg. Resultatet er dei største og mest moderne ambulansebåtane som er bygde her i landet.
Det er lagt særleg vekt på gode sjøeigenskapar i dårleg vêr, slik at pasient og mannskap skal ha god komfort om bord.
Fartøya har to kraftige motorar med vassjet som sikrar gode manøvreringseigenskapar og høg fart. Motorane tilfredsstiller krav til reduserte utslepp og reinsing av eksos.
Baugpropellar gir god manøvrering i tronge farvatn, og, i tillegg til låg djupgang, kan båten komme til i grunne farvatn og til ulike kaiar. Fleksible utfellbare vengjer under båtane (Wavefoil) reduserer rørsler i grov sjø. Når «Rosesol» ligg til kai i Hardbakke er det kopla til landstraum.

Foto: Stort og oversiktleg styrehus med topp moderne navigasjonsutstyr for sikker transport i alle farvatn fartøya skal trafikkere. God plass også for helsepersonell.
Fakta om båtane:
Storleik: Lengde 23,1 meter, breidde 7,8 meter
Hastigheit: Marsjfart 25 knop, utrykking 32 knop
Motor: 2x 1000 hestar Volvo med vassjet som framdrift
Passasjerkapasitet: 10 personar