Slik blir besøksreglane i Helse Førde

Helse Førde vil så langt råd er legge til rette for besøk til pasientar innlagt i sjukehusa. På same tid skal føretaket også oppretthalde godt smittevern.

Helse Førde har no laga nye reglar for besøk til sjukehusa. Bakgrunnen er rådet som kom frå styremaktene før pinse om å opne meir for besøk til sjukehusa.

- Besøksreglane våre blir ikkje så liberale som dei var før koronaen. Sjølv om fleire no kan komme på besøk, må vi likevel unngå fare for smittespreiing i sjukehusa våre. Vi følgjer råda vi frå Folkehelseinstituttet, og ber om forståing for tiltaka vi set i verk. Vi gjer dette for at sjukehusa våre skal vere smittefrie, seier administrerande direktør Arve Varden.

Kartleggast for smitte

Hovudregelen er at alle besøk skal avklarast og vurderast av aktuelle seksjon/avdeling på førehand, og innskrenkast til det som er nødvendig besøk. Alle pårørande skal kartleggast på førehand med tanke på smitte, og gjerast kjende med smitteverntiltak i samband med besøket.

Den nye rutinen gjeld både besøk til inneliggande pasientar og dei som skal til poliklinikk.

Gjennomføring av besøk

• Pårørande må utføre handhygiene før dei kjem inn på sjukehuset, og når dei går inn og ut av pasientrom.
• Besøkande må halde minimum ein meter avstand til den ein besøkjer, tilsette og andre pasientar.
• Besøkande må gå direkte til og frå avdelinga og ikkje samle seg i felles areal.
• Kvar pasient kan maksimalt ha besøk av to personar i døgnet.
• Pasientar på einerom kan ha besøk inntil ein time.
• På fleirsengsrom kan besøk vare inntil 30 minutt, berre ein pasient kan ha besøk om gangen.
• Pasientar kan ta imot gåver, blomster o.l.
• Det er viktig å følgje generelle råd for handhygiene.
• Personar som i etterkant av sjukehusbesøk får symptom på covid-19, skal ved påfølgande prøvetaking opplyse om sjukehusbesøket.

Besøk i føde- og barselavdelingar

• Partner som deltek i fødsel skal rette seg etter gjeldande smittevernråd.
• Det skal leggast til rette slik at pårørande kan delta på operasjonsstova under keisersnitt. Verneutstyr må nyttast etter sjukehuset sine ordinære rutinar.
• Etter fødsel bør tal besøkande avgrensast til næraste pårørande.

Besøk på intensiv

• Besøk må avtalast på førehand, og smittevernreglane må følgjast.
• Besøk av ein pårørande – helst på dagtid.
• Pårørande får ikkje tilbod om overnatting, men det kan gjerast unntak for alvorleg sjuke og døyande pasientar.
Besøk til akuttmottak
• Ein til to pårørande kan vere med.
• Pårørande får ikkje tilbod om overnatting, men det kan gjerast unntak for alvorleg sjuke, alvorleg skadde og døyande.

Besøk til akuttmottak

• Ein til to pårørande kan vere med.
• Pårørande får ikkje tilbod om overnatting, men det kan gjerast unntak for alvorleg sjuke, alvorleg skadde og døyande.

Besøk til pasientar sjuke med covid-19

• Behov for besøk må vurderast nøye av lege og sjukepleiar.
• Pasientar med covid-19 og i siste fase av livet får besøk. Tal besøkande må likevel avgrensast for å unngå å spreie smitte.
• Besøkande må bruke  korrekt smittevernutstyr, og vil få rettleiing i på- og avkleding før besøket.

Besøk i særskilde tilfelle kan drøftast med lege, sjukepleiar og leiar på avdelinga. Dette gjeld:

• Foreldre/føresette som vil følge barn under 18 år.
• Pårørande/hjelpepersonale dersom det er nødvendig for å kunne gjennomføre konsultasjon (t.d. for å vere med funksjonshemma).
• Pasientar som er i siste fase av livet. 

Pårørande som er sjuke, i karantene eller isolerte kan berre i dei tilfelle der det er strengt nødvendig, komme til besøk til sjukehusa. Besøk skal i kvart tilfelle avklarast med behandlande lege.