Skuta er på rett kurs

Så langt ligg Helse Førde an til å klare å oppnå det økonomske måltalet styret har sett for 2018. No avheng det endelege resultatet av at vi får til ei god og rasjonell avvikling av sommaren i verksemda.

Den positive utviklinga vi såg i økonomien på seinhausten og vinteren 2017 har halde fram inn i 2018.

- No ved inngangen til sommaren ligg vi framfor budsjett, men vi er heilt avhengige av å klare å avvikle sommaren utan for mykje innleige og anna overforbruk, seier økonomidirektør Halfdan Brandtzæg.

Han peikar på at vi er tidleg på året, og at resultatmålet på 28 millionar i overskot er basert på fleire økonomiske tiltak i budsjettet som enno ventar på å bli gjennomført.

- Klarer vi å nå dette resultatmålet skal vi vere veldig godt nøgde med eigen innsats. Vi er på god veg, men er enno ikkje i mål.

Dersom Helse Førde klarer eit positivt resultat på minst 28 millionar kroner i 2018, har verksemda starta å byggje det grunnlaget som trengst for å klare å realisere prosjektet Nye Førde Sjukehus. Med eit slikt resultat i ryggen blir den vidare ferda mot realisering av byggeplanane langt enklare enn ein kunne frykte for berre eitt år tilbake.
Ved å innfri årets mål på 28 millionar kroner får vi nemleg ein langt enklare jobb inn i 2019, då resultatkravet vil vere justert opp til 36 millionar kroner.