HELSENORGE

Skrytte av Livabygget

Nyleg fekk Helse Førde besøk av Norconsult AS, den viktigaste eksterne rådgjevaren i byggeprosjektet. Konsernsjefen og hans følgje fekk omvising i både Daga- og Livbygget. Dei fekk sjå, lytte til våre erfaringar og samle seg inntrykk av både det som er ferdig og det som er under bygging.

​- Besøket svarte til dei forventningane vi hadde, seier avdelingsleiar i Førde og oppdragsleiar for Nye Førde sjukehus, Lars-Idar Vegsund. Det er viktig for oss å sjå sjølve, få reflektert over erfaringar og føre tilsyn med at alt fungerer. No halvegs i oppføringa av Livabygget var dette eit godt tidspunkt for besøk. 

Byggeplass med sju menneske iført gule vestar og hjelm

Framme frå venstre: Ervin Beheim, Helse Førde, Gunnlaug Nes-Berg, Helse Førde, Egil Hogna, Norconsult AS, Arve Varden, Helse Førde, Tone Kvåle Myklebust, Vegard Jacobsen, Alex Lunde, alle Norconsult AS og Kjell Inge Solhaug, Helse Førde.

For Helse Førde og byggeprosjektet Nye Førde sjukehus er slike besøk også viktige. Helse Førde har jobba med prosjektet sidan 2015, og Norconsult som rådgjevar har følgt oss nesten like lenge. Når eit prosjekt går over så mange år som vårt, er det nyttig å ta ein fot i bakken og få stadfesta at vi framleis spelar på same lag og har dei same ambisjonane.

Kva er inntrykka etter å ha sett Dagabygget?

- Førsteinntrykket er at det ikkje ser ut som eit sjukehus. Då eg kom inn i bygget møtte eg ein god atmosfære, seier konserndirektør for regionane i Noreg, Vegard Jacobsen. - Eg la mellom anna merke til at ein hadde løyst problematikken med innsyn og behovet for skjerming utan at ein tok bort lyset. 

– Det som overraska meg mest var at det ikkje var kameraovervaking i fellesareala der pasientar oppheld seg. Det er ikkje uvanleg i andre bransjar, som t.d. industrien. Kameraovervaking er jo tillate der det kan vere fare for liv og helse, og likevel var det i Dagabygget lagt opp til menneskeleg overvaking, sa adm. direktør og konsernsjef i Norconsult Egil Hogna.  - Hovudinntrykket er at Dagabygget er godt løyst, sjølv om det er mindre ting gjennom brukarerfaring har avdekka som kunne ha vore gjort annleis.​

Pandemi og krig i Ukraina, kva no med byggeprosjektet?

- Styresmaktene har tilført mykje pengar for å motverke konsekvensane ved pandemien. No blir dette stramma inn, vi ser høgare rente, auka prisar på byggematerialar og redusert tilgang til varer. Dette krev evne til å omstille seg, seier Egil Hogna. - Vi trur ikkje at denne situasjonen vil føre til dramatiske endringar for "Livaprosjektet" eller byggeprosjekt generelt i Noreg no. Men det kan bli behov for å snu seg raskt for å finne erstatningsløysingar. 

Om Livabygget – Her finn vi nøkterne og gode løysingar, eit moderne bygg som er kostnadseffektivt. Bygget bør vere eit førebilde for liknande bygg, og prosjektet har noko å lære bort til andre

adm. direktør og konsernsjef i Norconsult Egil Hogna

ei rekkje menneske som står på ein byggeplass med hjelm og gule vestar

Foto frå synfaringa i Livabygget, her i møte med Veidekke sine representantar.