På grunn av utviklinga i området og uro for det vidare forløpet, tilrår seksjon for smittevern desse innskjerpingane av dagens retningsliner:
- Tilsette skal bruke munnbind heile tida
- Minst to meter avstand til andre personar inne på sjukehuset
- Avlyse alle interne fysiske møter som ikkje er nødvendige
- Unngå unødvendige besøk til innlagte pasientar
Endringane gjeld berre for Lærdal sjukehus, blir innført med umiddelbar verknad og gjeld i denne omgangen fram til tysdag 23. mars. Smittesituasjonen i deler av Indre Sogn medfører så langt ingen merkbare konsekvensar for drifta ved Lærdal sjukehus.
NB: Frå og med 23. mars er dei ekstraordinære smtteverntiltaka ved Lærdal oppheva, og Helse Førde går tilbake til smittevernregimet som elles gjeld på alle sjukehusa våre under koronapandemien.