HELSENORGE

Skipsdåp i Eivindvik

Ei flott markering og ein stolt dag for GulenSkyss som inviterte til dåpsfest for dei nye ambulansebåtane «MS Rosesol» og «MS Roseflora» i Eivindvik 8. oktober. 




Dei to gudmødrene, Veslemøy Vold for «MS Roseflora» (på bildet) og Malene Vold for «MS Rosesol» ønska hell og lukke til skip og

​ Dei to gudmødrene, Veslemøy Vold for «MS Roseflora» (på bildet) og Malene Vold for «MS Rosesol» ønska hell og lukke til skip og mannskap

GulenSkyss inviterte raust bygdefolk og gjestar til dåpsmarkering på dampskipskaia i Eivindvik. Alle som ville sjå seg om inne i fartøya fekk komme om bord. Ein av dei som nytta sjansen, var varaordførar i Gulen kommune Odd Harald Eide.

2022-10-08_Odd Harald Eide_5817_web.jpg

Varaordførar i Gulen kommune Odd Harald Eide.

​- Båtane, og ikkje minst mannskap og ambulansepersonell er ikkje berre i førstelinja - dei er framom førstelinja når det gjeld beredskap for akutt sjuke og skadde, og er med å auke tryggleiken i kystområda våre.

Eide vil òg snakke på vegne av dei mange som ferdast i fritidsbåt langskysten vår. - Det er ingen tvil om at dei nye ambulansebåtane med stor rekkevidde, fart og evne til å operere i dårleg ver, aukar tryggleiken og sikkerheita også for desse.

​Helse Førde og GulenSkyss har jobba tett med Måløy verft og lokale firma for å gjere fartøya best mogeleg. Det er lagt særleg vekt på gode sjøeigenskapar i dårleg vêr, slik at pasient og mannskap skal ha best mogeleg komfort om bord. Både Helse Førde og Gulen Skyss sette strenge krav til fartøya og var svært opptekne av kvalitet. Resultatet er dei største og mest moderne ambulansebåtane som er bygde her i landet.      

- Det har vore eit godt samarbeid mellom Helse Førde og GulenSkyss i arbeidet med å utvikle desse fartøya, og dei same forventningane har vil til det framtidige samarbeidet, sa administrerande direktør i Helse Førde Arve Varden i sin tale til GulenSkyss. 

2022-10-08_Fellesbilde Helse Førde og GulenSkyss_5865 web.jpg

Frå v.: Helse Førde: Arve Varden, Tom Guldhav, Stian Sægrov. GulenSkyss: Arild Vik, Malene Vold, Per Vold, Veslemøy Vold, Frode Sønstabø, Silje Flåten, Kristoffer Vold. Robert Brennersted, Helse Førde, med sine to barn.

​​Begge fartøya, som har vore i drift sidan i sommar, dekker eit område frå Stad til Gulen. «Rosesol» er stasjonert på Hardbakke og «Roseflora» i Florø. Båtane har allereie fått prøvt seg i krevjande situasjonar og tilbakemeldingane er gode, både med sjøeigenskapar i dårleg vêr og behandling om bord.  

- No når fartøya er komne i drift er vi i Helse Førde opptekne av å levere trygge og viktige tenester for dei som bur på kysten, avslutta Varden.


​Fakta om båtane:
  • Storleik: Lengde 23,1 meter, breidde 7,8 meter 
  • Hastigheit: Marsjfart 25 knop, utrykking 32 knop
  • Motor: 2x 1000 hestar Volvo med vassjet som framdrift
  • Passasjerkapasitet: 10 personar​

2022-10-08_Damskipskaien Eivindvik_5788_web.jpg

Dei to nye katamaranane skal i mange år framover gje ambulansetenester i kystlinja og fjordområda frå Gulen i sør til Stad i nord. Her er «Rosesol» og «Roseflora» ved dampskipskaia i Eivindvik.