Psykolog Ida Ueland Sætre og spesialkonsulent Thorbjørn Olsen, begge frå Helse Førde, er invitert til å delta i eit internasjonalt forskningsprosjekt på 4-dagars behandling av OCD (tvangsliding).
Dette skjer i samband med eit forskningsprosjekt som tek sikte på å spreie 4-dagers behandling (B4DT) av OCD internasjonalt. I høve dette har Helse-Bergen og OCD-teamet der, førespurd dei fagleg leiande miljøa i Norge om å bistå i denne prosessen. Og Ueland Sætre og Olsen i Helse Førde utgjer eit av desse fagmiljøa.
Prosjektet er finansiert av Kavlifondet.
Meininga med dette prosjektet er å lære opp fagmiljø knytt til denne opplæringa, som er blant dei fremste fagmiljøa internasjonalt.
Ueland Sætre og Olsen skal delta i opplæring og rettleiing knytt til Hamburg Universitetssykehus i veke 36, frå den 5. til og med den 9. september.
HAMBURG NESTE: Thorbjørn Olsen og Ida Ueland Sætre er på reisefot til Tyskland, der undervising i 4-dagarsbehandling av tvangsliding står på programmet.