Ved besøk til sjukehus og Helse Førde sine institusjonar gjeld bestemte retningsliner:
Vil du på besøk til ein pasient
• RING FØRST til avdelinga og gjer ein KLAR AVTALE OM TIDSPUNKT.
• Kvar pasient kan maksimalt motta TO besøk i døgnet, etter vurdering av lege eller sjukepleiar ved avdelinga. Under pandemien ønskjer Helse Førde å avgrense tal besøkande på sjukehuset. SJEKK DETTE FØR DU KJEM.
• Sjukehusavdelinga KAN gjere unntak frå dette ved alvorleg sjukdom eller skade der situasjonen er livstruande. Men også dette skal vere AVKLART PÅ FØREHAND.
• Den besøkande MÅ VERE FRISK, og det vert stilt spørsmål om helsetilstanden til den besøkande. Slik unngår vi at inneliggande pasientar vert utsett for smitte.
• Ein skal gå DIREKTE til sengeposten/avdelinga etter at tilgangen er kontrollert og handvask/spriting av hender er gjennomført.
• Vidare skal ein halde avstand på EIN, HELST TO METER til andre pasientar og helsepersonell.
• Også ved polikliniske besøk der ein er med som fylgje for ein pasient stiller vi krav om FØREHANDSAVTALE og GJENNOMGANG AV HELSETILSTAND til fylgje.
Dokument (PDF) på fleire språk:
Besøke pasient på sjukehuset
Reglar for pasientbesøk
Kartlegging av symptom for korona
Visiting patients in hospital
Visitation rules
Mapping of symptoms for corona
Patientenbesuch im Krankenhaus
Besuchsregeln
Feststellung von Corona-Symptomen
Visitar a un paciente
Reglas de visita
Detección de sintomatología por coronavirus
زیاره المرضى في المستشفى
قواعد الزيارة
مسح لأعراض فیروس کورونا
Odwiedzanie pasjentów w szpitalu
Zasady odwiedzin
Ankieta wstępna dotycząca objawów zakażenia koronawirusem
Helse Førde har iverksett desse tiltaka etter retningsliner frå Folkehelseinstituttet (FHI). Dette for å
• unngå smittespreiing,
• ivareta pasientane våre
• ivareta helsepersonell og dermed beredskapen ved eit eventuelt meir omfattande utbrot.