Sjukehusa treng di hjelp!

Sjukehusa på Vestlandet treng ekstra personell raskt i samband med koronautbrotet. Er du lege, sjukepleiar, spesialsjukepleiar, jordmor  eller student innan desse områda, og ikkje tilsett på eit sjukehus eller i ein kommune allereie? Er du helsefagarbeider/hjelpepleier eller helsesekretær/medisinske sekretær? Vi treng kompetansen du har.

Her kan du registrere deg.

– Det er allereie mange som tar kontakt og vil bidra. Det sett vi stor pris på! Både sjukehusa og kommunane treng helsepersonell no og vi vil trenge mykje hjelp framover, seier Hilde Christiansen, direktør medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest.

- Vi appellerer til dei som har bakgrunn frå helsetenesta som no arbeidar i andre verksemder, til dei som er heime frå studiar andre stader og alle andre med relevant bakgrunn. Sjukehusa står framfor ei krevjande oppgåve og her kan ein absolutt gjere ein forskjell, få faglige utfordringar og verdifull erfaring i tida som kjem.

Vi treng altså deg som ikkje har eit stillingsforhold i sjukehus eller kommune, og som ønsker å bidra. Har du allereie eit arbeidsforhold i sjukehus og/eller kommune er du medrekna i planane våre og treng ikkje melde deg her. Det er også gitt eigen informasjon til studentar ved universiteta og høgskulane på Vestlandet.

I denne omgang vil vi at du registrerer deg med CV, så tar vi kontakt ved behov.
Når du registrerer deg ber vi om at du fortel oss, alt etter kva bakgrunn du har:
- kva utdanning du har og spesifiserer erfaring. Legg ved autorisasjonsnummer om du har det.
- kva utdanning tar du, og kva semester/studieår er du på.
- eventuelt kva type erfaring frå sjukehus og kommune du har
- når kan du starte å arbeide, og i kor stor stillingsprosent