HELSENORGE

Sjukehusa er klare til å behandle flyktningar

Sjukehusa i Helse Vest samarbeider tett om å hjelpe pasientar og flyktningar som følgje av krigen i Ukraina. 

I føretaksmøte i dag 18. mars med dei fire regionale helseføretaka fekk sjukehusa i oppdrag å behandle pasientar som vert evakuert frå Ukraina og sikre nødvendig koordinering.

– Sjukehusa i Helse Bergen, Helse Stavanger, Helse Fonna og Helse Førde bur seg på å kunne ta mot pasientar som blir evakuerte frå landa i nærleiken av Ukraina. Sjukehusa i Noreg sikrar no at dei som kjem og treng behandling i spesialisthelsetenesta, vil få det, seier administrerande direktør i Helse Vest, Inger Cathrine Bryne. 

Torsdag 17. mars meldte regjeringa at Noreg har delteke i ei europeisk kartlegging av sjukehuskapasit​et. Alle sjukehus har oppgitt kor mange pasientar dei kan ta imot.​ Totalt har sjukehusa i landet sagt dei kan bidra med 550 sengeplassar til saman. 

Dei regionale helseføretaka har lagt planar for å kunne hjelpe, og Oslo universitetssykehus HF har rolla som nasjonal koordinator. Helse Bergen HF koordinerer oppfølginga med sjukehusa på Vestlandet.

​Spesialisthelsetenester til flyktningar
Helseføretaka må førebu seg  på å gje tenester til flyktningane som no kjem, både i ankomstfasen og seinare når flyktningane er busett i ein kommune. 

​Flyktningane frå Ukraina kan ha behov for spesialisthelsetenester i Noreg på fleire måtar:
  • ​Pasientar med alvorlege skadar eller sjukdom blir flytta til Noreg for utgreiing og behandling.
  • Flyktningar som kjem til Noreg, kan trenge utgreiing og behandling for vanlege tilstandar.
  • Gjennomlevde traumatiske opplevingar kan trenge oppfølging i spesialisthelsetenesta, som vil samarbeide med kommunehelsetenesta.
  • Screening og kontroll ved behov, også i samarbeid med kommunehelsetenesta.
–​ Sjukehusa på Vestlandet bur seg godt og er klare for å gjere ein innsats, også for dei som no treng tenester frå Ukraina. Flyktningane vil bli tatt godt vare på, samtidig som vi jobbar for at befolkninga for øvrig framleis vil få helsehjelpa dei treng. Men blir omfanget stort, vil det sjølvsagt kunne føre til at nokre av dei pasientane som kan vente, må vente lengre,​ seier Bryne.​
IngerCathrineBryne.JPG