Sjekk dine prøvesvar på helsenorge.no

Har du blitt testa for covid-19, finn du resultatet av prøvene ved å logge deg inn på helsenorge.no.

Merk at prøvesvara blir lagt ut som ei eiga "flis" på helsenorge.no under "min helse", og at dei ikkje er å finne i eksempelvis pasientjournalen din.

Koronaresultat på Helsenorge.png

Du kan også finne svar på prøvar for andre covid-19-relaterte virus og bakteriar som kan gje luftvegsinfeksjon, så snart dei er analyserte og svara ut frå laboratoriet si side. Lista over kva som er definert som covid-19-relaterte virus og bakteriar finn du på fhi.no. Prøver som blir analyserte  andre stader enn på medisinske mikrobiologiske laboratorium, som til dømes hurtigtestar for covid-19, blir ikkje vist her.

Det kan variere kor lang tid det tek å få ferdig prøvesvara, men du vil sjå dei samtidig som dei blir sendt til den legen som rekvirerte prøva – som regel innan nokre få dagar. Du vil ikkje få noko særskilt varsel om når prøvesvara vert lagt ut på sida på helsenorge.no.

Merk at sjølv om covid-19 ikkje er påvist, kan det likevel hende at du skal vere i karantene.

Du kan også bruke denne tenesta på vegner av dine eigne barn under 16 år, eller på vegner av voksne over 18 år som har gjeve deg fullmakt, anten digitalt eller analogt. Hvis du representerer nokon som manglar samtykkekompetanse, vil deira prøvesvar også kunne bli vist her.