Fredag 29. januar klokka 09.00 har styret i Helse Førde møte, der representantane velgjer om dei vil vere fysisk til stades eller om dei vil delta digitalt frå korsomhelst i verda.
Dette inneber at berre ein del av styremedlemmene vil vere samla fysisk i møterommet ved Førde sentralsjukehus, medan dei øvrige deltek digitalt frå ulike kantar i inn- eller utland. Alle aktive møtedeltakarar vil visast på skjerm og ha fulle mogelegheiter til å ta ordet, halde innlegg og røyste som normalt.
Presse og publikum kan også følgje møtet direkte, men naturleg nok utan å kunne bryte inn på nokon måte.
Helse Førde ønskjer presse og publikum velkommen til digitalt styremøte!
Livesendinga er avslutta. Takk til alle som var med!