Sikringsnål ut, sensorteknologi inn

Ei sikringsnål i nattskjorta blir framleis nytta for å hindre fall på sjukehus. No går Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet (HVL) saman om eit prosjekt for å erstatte sikringsnåla med sensorteknologi.

​Metoden som har vore brukt til no, går ut på at ein festar snora til ringeklokka på pasientens nattskjorte med ei sikringsnål. Dermed løyser pasienten ut alarmen når han reiser seg frå senga, slik at personalet vert varsla om at pasienten er uroleg og på veg ut av senga.  

Samarbeidsprosjekt
- Denne metoden er langt i frå god nok til å hindre fall, seier seniorrådgjevar i Helse Førde, Lasse Lesto.
Lesto er leiar for prosjektet «Eldrevennlege sjukehus – pasienttryggleik og velferdsteknologi» som er eit samarbeid mellom ingeniør- og sjukepleiarmiljøet på HVL, campus Førde og ortopedisk sengepost i Helse Førde. Prosjektet har fått samarbeidsmidlar frå HVL og såkornmidlar frå Helse Vest.
Førstelektor Toril Midtbø og høgskulelektor Astri Johanne Hagenes ved HVL bidreg med rettleiing av studentar i prosjektet og undervisning på ortopedisk sengepost.

Testar andre løysingar
Prosjektet Lesto har sett i gang, skal sjå på korleis ein kan nytte moderne teknologiske løysingar for å hindre fall på sjukehuset. Dei skal innreie eit rom spesielt for pasientar med høg risiko for fall.
Når pasientane kjem til ortopedisk avdeling på Førde sjukehus vert det gjort ei risikovurdering. Der vurderer ein kor sannsynleg det er at pasienten kan bli utsett for fall medan han er inne til behandling. Dette ser ein i samanheng med fysisk og kognitiv svikt, og vanskar med å etterleve instruksjonar. Overfor desse pasientane må ein setje i verk ekstra tiltak. Og nettopp dette har prosjektet som mål å utvikle.

Sensorar og kamera
Pasientrommet er innreia med ei lågt-gåande seng med sensorar på. Senga kan senkast ned til ti centimeter over golvet, slik at eit forsøk på å komme seg ut av senga ikkje fører til eit skadeleg fall ut av senga. Vanlege senger har sengehestar, men ein har erfart at desse ikkje fungerer godt, fordi pasientane prøver å komme seg over og uhell dermed lett skjer. Den nye senga har sensorar på begge sider, slik at sjukepleiaren vert varsla på mobil om at pasienten er uroleg og på veg ut av senga. Det er også installert eit kamera på rommet. Dette kan sende tidsavgrensa bilete av pasienten på rommet.

Slepp å gå inn på rommet
- Denne pasientgruppa brukar ofte lang tid på å roe seg og sovne. Då blir det eit uromoment om helsepersonell går inn til pasienten med jamne mellomrom. Dette fører gjerne til at pasienten vaknar, og igjen må bruke lang tid på å roe seg. Difor er det lurt at helsepersonell heller passar på ved hjelp av kamera, seier Lesto.
I tillegg skal det komme skjerm på rommet med ei analog klokke som fortel pasienten om det er dag eller natt. På denne skjermen kan ein også spele roande musikk eller vise bilete som pasienten kjenner.
- Desse tekniske hjelpemiddela skal ikkje gi mindre tid til pasientane, eller ta vekk positiv kontakt med helsepersonell. Vi trur heller effekten blir motsett. Når vi nyttar utstyret på måtar som er tilpassa den enkelte pasienten, frigjer vi meir tid til omsorg, seier Lesto.

Innovasjonsdag
Haldninga til å ta i bruk moderne teknologi er positiv både hjå pasientar, pårørande, tilsette på avdelinga og leiinga i Helse Førde. Lesto fortel at det sjølvsagt er nokre som er skeptiske, og redde for at dei vert overvaka – noko han kan trygga dei om at dei ikkje vert. Prosjektet er avklart av både jurist og personvernombodet på sjukehuset.
Hausten 2017 arrangerte Lesto saman med Høgskulen innovasjonsdag for studentane på sjukepleie og ingeniør. Helse Førde si bestilling var tryggare pasientrom og ei betring av arbeidsmiljøet gjennom ny teknologi. Forslaga frå studentane skulle fungere teknisk, samstundes som dei sjukepleiefaglege aspekta måtte ivaretakast.
Lesto vart særleg imponert over forslaget om ein ny type dusjstol. Den skal kunne plasserast under ein liggande pasient i senga, for så å rettast opp i ryggen til sittande og transportera pasienten til dusjen.