Signerte kontrakt på Livabygget

- Det nye Livabygget betyr ein stor forskjell for pasientane våre. Over hundre nye sengerom, dei fleste einerom, vil gje pasientane våre ei ny og betre oppleving av sjukehusopphaldet, seier administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden.

2021-03-23_Kontraktsignering_0720_web.jpgHelse Førde og Veidekke Entreprenør AS signerte byggekontrakt på Livabygget. 
Frå v: Kjell Inge Solhaug, Andreas Finstad, Espen Espenes, Rune Karlsen, Bjørnar Haveland, Arild Skår, Arve Varden, Christine Aagård Midthjell og Randi Aven. 

Med ei enkel markering tysdag 23. mars signerte Helse Førde og Veidekke Entreprenør AS byggekontakt for nybygget. Med sine vel 13 000 kvadratmeter vil Livabygget modernisere Førde sentralsjukehus monaleg.

Stor forskjell for kvinner og barn

Helse Førde legg vekt på å prioritere opp kvinner og barn i nybygget. Kvinneklinikken kjem med fire nye fødestover, ein ny sengepost for føde- og barsel omsorg og ein ny avdeling for barn. Spesielt for mor og barn vil einerom utgjere ein stor forskjell i den tida dei er på sjukehuset.

I dag er kvart av romma innretta for fire mødrer, fire barn og fire fedrar - med alle dei avgrensingane dette legg på foreldra og det nyfødde barnet. På einerom i det nye bygget vil foreldre og barn kunne vere ein familie på ein heilt anna måte enn i dag. 

Meir kapasitet på undersøking og screening

Dette byggesteget vil gje sjukehuset fleire nye avanserte spesialrom. Noko som mellom anna aukar kapasitet på undersøking og utgreiing av mage-tarmsjukdommar. Det er viktig for dei mange i Sogn og Fjordane som vil få tilbod om å delta i det nye nasjonale screeningprogrammet mot tarmkreft som skal starte opp i nær framtid.

Smart og arbeidseffektivt bygg

Mange tilsette vil også oppleve ein ny arbeidskvardag i Livabygget. Ei ny operasjonsavdeling med åtte operasjonsstover avløyser stovene frå 1970-talet. Dei nye operasjonsstovene er mykje betre tilpassa dagens arbeidsmåtar enn dei gamle. I tillegg kjem det ein ny observasjonspost og ein ny post for oppvaking.

- Behova og forventingane blant pasientane våre har vore førande for dei løysingane vi har valt for dette bygget. Vi er utolmodige etter å komme i gang, og har store forventingar til det ferdige bygget, seier Varden.

Stort prosjekt – lokal verdiskaping

Livabygget er det største delprosjektet i det store moderniseringsarbeidet som pågår ved Førde sentralsjukehus. Verdien i byggekontrakta er på 685 millionar eks. mva. Lokale entreprenørar skal levere store deler av byggearbeidet. Fordelinga er rundt 70 % lokalt og 30 % frå spesialiserte underleverandørar i inn- og utland.

Grunnarbeidet startar rett over påske, og bygget skal vere ferdig i 2024.
- Vi takker så mykje for oppdraget. I samhandlingsfasen har vi hatt ein tett og god dialog med prosjektorganisasjonen i Helse Førde, brukarane av bygget og samarbeidspartane våre. Det er lagt ned stor innsats for å sikre at dette blir eit topp moderne sentralsjukehus til glede for pasientar frå heile regionen og dei tilsette. No gler vi oss til å komme i gang med byggearbeida saman med våre lokale underentreprenørar, seier distriktsleiar Rune Karlsen i Veidekke Bygg Sogn og Fjordane.