Signerte kontrakt med Veidekke

- No er vi glade for å ha sikra oss ein svært solid samarbeidspartnar i utviklinga av dette prosjektet. Dette er ein merkedag for spesialisthelsetenesta i området vårt, seier administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden.

I dag klokka 11 signerte Varden kontrakten som gjev Veidekke Entreprenør AS retten til å vere Helse Førde sin partner i arbeidet med å utvikle prosjektet nybygg somatikk, Livabygget. Prosjektet har ei ramme på kring 900 millionar kroner.
Signering kontrakt Livabygget I.JPG

SIGNERING OG HANDTRYKK: To nøgde partar som skal samarbeide om å utvikle Nye Førde sjukehus. Til venstre Arve Varden, administerande direktør i Helse Førde, saman med distriktsleiar Rune Karlsen i Vedekke Entreprenør AS.

- Ingen urimeleg konkurransefordel
Det konkurrerande selskapet Aasen & Øvrelid AS har som kjent kome med ei rekke merknader mot anbodsprosessen. Kontrakten vart inngått etter at Helse Førde har fått uavhengig gjennomgang av habilitetsspørsmål, såkalla tredjepartskontroll. Merknadene frå Åsen & Øvrelid, samt alle relevante moment vedrørande habilitetsspørsmålet, er såleis blitt vurdert av to eksterne advokatfirma, Arntzen de Besche og Haavind. Begge konkluderer klart med at Veidekke ikkje har hatt nokon urimeleg konkurransefordel, og at Helse Førde trygt kan signere kontrakten med entreprenørselskapet.

Vil komme i gang snarast
- Dei juridiske gjennomgangane av prosessen konkluderer med at spelereglane er følgde, seier Varden. - Vi er utolmodige etter å komme i gang med å utvikle dette nybygget i samarbeid med Veidekke sine fagfolk. Her skal Helse Førde sine eigne tilsette saman med byggfaglege rådgjevarar og Veidekke Entreprenør sine fagfolk arbeide saman fram mot sommaren 2020 med å utvikle det nye sjukehusbygget. I botnen ligg ei mengd krav til framtidas sjukehus og ei klar økonomisk ramme.

Livabygget
Det er eit komplisert bygg som skal reisast i tilknyting til den eksisterande hovudblokka ved Førde sentralsjukehus. Det skal byggast nye operasjonsstover, behandlingsrom, sterile rom, rom som tilfredsstiller strenge krav til smittevern og mange andre spesialrom. Inne i sjukehuset er det avansert infrastruktur. Og i tillegg skal det byggast fleksibelt. Ingen veit nøyaktig korleis spesialisthelsetenesta vil sjå ut, og kva nye behov som oppstår i framtida. Difor må vi byggje slik at vi kan endre bygget i tråd med at behandlingstilbodet endrar seg.

Veidekke Entreprenør AS
Veidekke Entreprenør AS er ei landsomfattande verksemd med distriktskontor i Sogndal og avdelingskontor i Førde og på Sandane, og har gjennomført byggeprosjekt i fylket i ei lang årrekke. Morselskapet Veidekke er ein av Skandinavias største entreprenørar og eigedomsutviklarar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, utviklar bustadprosjekt, vedlikeheld vegnett og produserer asfalt, pukk og grus. I prosjekta legg selskapet vekt på involvering og lokalkunnskap. Omsetnaden er omlag 36 milliardar kroner, og rundt halvparten av dei 8600 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er børsnotert og har gått med overskot sidan starten i 1936.

Takksame for oppdraget
- Vi er takksame for oppdraget, og gler oss til å starte samhandlingsfasen på nyåret, seier Rune Karlsen, distriktsleiar i Veidekke Entreprenør AS. - Sjukehusbygg er kompliserte og avanserte prosjekt. Det krevst store ressurssar, kunnskap og erfaring for å lukkast. Veidekke vil i all hovudsak nytte lokale ressursar i prosjektet, men vil også hente spesialkompetanse frå øvrige deler av konsernet. Der har  vi mellom anna erfaring frå bygging av St. Olavs hospital i Trondheim og det nye sjukehuset under bygging i Haugesund. Vi kjem til å spele på lag med lokale leverandørar og samarbeidspartnerar, slik vi allltid gjer i slike prosjekt.

Stor lokal effekt
Styret i Helse Førde har vore opptekne av at byggeprosjektet skal kunne tiltrekke seg lokale entreprenørar. Karlsen presiserer at Veidekke i slike prosjekt handlar varer og tenester hovudsakleg lokalt, og at så mykje som cirka 70  prosent av omsetnaden skjer lokalt.
- Helse Førde skal no saman med entreprenøren finne dei beste og billegaste løysingane, seier Arve Varden. - I denne prosessen kjenner vi oss sikre på at tilbodet vi fekk frå Veidekke har godt potensiale for å også bli det beste økonomisk sett.