Sender ut ekstra betalingspåminning

For å unngå at mange ubetalte krav skal gå til inkasso, vil føretaka i Helse Vest ta ein ekstra runde med påminningar.

​Føretaka i Helse Vest, Helse Førde inkludert, innførte nytt økonomisystem i mars 2019. I samband med dette oppstod problem med å få purra på dei ubetalte krava. Dette tok noko lenger tid enn venta å få løyst reint teknisk, men no er desse systema på plass.

Dette resulterte i at Helse Førde sende ut omlag ni tusen purringar i mai i år, og dei andre føretaka i Helse Vest gjorde tilsvarande. På grunn av ferieavvikling vil ein no sende ut ei ekstra påminning til alle som ikkje har betalt, i håp om at færre saker skal gå vidare til inkasso. Påminninga kjem frå selskapet Lowell, som har ansvar for denne innkrevjinga i Helse Vest.

Krava gjeld altså ubetalte eigendelar frå sjukehusbesøk. Vanleg rutine for slike krav er at pasienten betalar – med kort eller kontant - i resepsjonen på sjukehuset i etterkant av timen. Om pasienten ønskjer det, eller vedkommande berre reiser frå sjukehuset utan å gjere opp, blir faktura tilsendt i posten.

Kravet vil vidare bli følgd opp i tråd med ein nasjonal standard for inndriving av fordringar i helsevesenet. Denne er nokså rigid i form av at det først blir sendt faktura med 14 dagars betalingsfrist, deretter blir det sendt eit inkassovarsel 14 dagar etter forfall.

Føretaka i Helse Vest har beslutta å ta ein ekstra runde med påminning. Dermed går ubetalte krav ikkje til inkasso før 1. august 2020.