Sender prehospital plan fase 3 på høyring

Styret i Helse Førde bad i dag administrerande direktør sende Høyringsdokument prehospitale tenester fase 3 ut på høyring.

​Det skal framleis vere døgnambulanse og stasjon i Lavik. Ein av døgnbilane i Fjaler skal gjerast om til dagambulanse. Dette er blant tilrådingane som står i høyringsdokumentet.

I dokumentet som no går ut til kommunar, legevakter og andre interessentar, er det tidlegare framlegget om å fjerne døgnambulansen i Lavik dermed lagt vekk. Helseføretaket ønskjer såleis å halde på den døgnbemanna Lavik-ambulansen. Dette blir delvis dekka inn ved at ein av to døgnambulansar stasjonert i Fjaler blir gjort om til dagambulanse.

Denne endringa er ein del av fase 3 i plan for prehospitale tenester i Helse Førde. Fase 3 omfattar også vurderingar kring ambulansetilbodet i Ytre Bremanger samt konsekvensen av at tidlegare Hornindal kommune no er overteken av Helse Møre og Romsdal, sjå fleire detaljar i DENNE saka.