Samhandlingsmodell vekkte oppsikt

- Orienteringa om korleis ein organiserer samhandling var noko eg merka meg, seier avdelingsdirektør og prosjektleder Nasjonal helse- og sjukehusplan i HOD, Are Forbord.

HOD (Helse- og omsorgsdepartementet) reiser landet rundt for å få innspel til ny nasjonal helse- og sjukehusplan, som skal vere ferdig hausten 2019. I går vitja prosjektgruppa Førde, og møtte både representantar frå Helse Førde og kommunane i fylket.

Planarbeid
Målet med den nye nasjonale helse- og sjukehusplanene er å realisere pasientens helseteneste på en berekraftig måte. Hovedtema i planarbeidet er teknologi, samhandling, psykisk helsevern og kompetanse.

HOD.jpg

PÅ TRAPPENE: Gjestane frå helse og omsorgsdepartementet (HOD) saman med representantane frå kommunane samla framfor inngangen til Sunnfjord og Ytre Sogn legevakt.

Og det var spesielt samhandlinga som vekte interesse hos prosjektleiaren: 
- Det er fleire måtar å legge til rette for samordning, men dette med gjennomgåande representasjon slik det er organisert  i Sogn og Fjordane var nytt og svært interessant, sa Forbord under oppsummeringa av møtet.

Kvalitet, teknologi, kompetanse
Samhandling, og korleis prioritere og peike ut retning for denne, var eitt av punkta Helse Førde la særleg vekt på i innspela til planene. Samhandlingssjef Tone Holvik i Helse Førde orienterte saman med samhandlingskoordinator for kommunane, Elin Therese Sørbotten, om korleis dette er organisert i fylket.
Andre innspel frå Helse Førde var å legge til rette for desentraliserte tenester av god kvalitet, gjere det enkelt å nytte ny teknologi, legge til rette for å styrke kompetanse og rekruttering samt å ivareta samfunnsansvaret.