Tema for neste års konferanse er «Framtidas pasient/Den moderne helsearbeidaren». Endeleg program vil bli klart i desember. Inntil då er programkomiteén løyndomsfulle, men røpar alt no at det vil bli mange «godbitar».

Ill: Colurbox
Konferansen er basert på eit samarbeid mellom dei store offentlege organisasjonane i fylket som Helse Førde, KS, Høgskulen på Vestlandet, fylkeskommune og fylkesmann.
Målgruppa er politisk og administrativ leiing i kommunane, leiarar, helsepersonell og andre tilsette i kommunale helse- og omsorgstenester, leiing, helsepersonell og andre tilsette i spesialisthelsetenesta, brukarrepresentantar og andre interesserte. Samhandlingskonferansen er årets store møtepunkt på tvers av kommunegrenser og sektorar for denne store gruppa brukarar, fagfolk og leiarar.
Erfaringsmessig samlar ein om lag 200 deltakarar på kvar av konferansedagane. Dette kan du ikkje gå glipp av, så sett av tida, og reserver datoen i kalendaren din allereie no !