Samhandlingskonferansen 2019

På årets samhandlingskonferanse skal vi løfte blikket og utvide perspektiva og sjå nærare på framtidas pasient og den moderne helsearbeidaren. Gjennom ulike tilnærmingar får vi innblikk i kva dette kan innebere av nye roller, nye oppgåver, nye moglegheiter og nye dilemma, både etisk og fagleg!

Møteleiar på konferansen blir dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling AS, Rolf Sanne-Gundersen.  

Målgruppene for konferansen er politisk og administrativ leiing i kommunane, fylkeskommunen og fylkesmannen, brukarrepresentantar, leiarar, helsepersonell og andre tilsette i kommunale helse- og omsorgstenester, i spesialisthelsetenesta, utdanningsinstitusjonane og andre interesserte.
Samhandlingskonferansen er årets store møtepunkt på tvers av kommunegrenser og sektorar for denne store gruppa brukarar, fagfolk og leiarar.

Konferansen er eit årleg fellesarrangement mellom dei fleste samfunnsaktørane i fylket knytt til helseområdet: Helse Førde, KS Sogn og Fjordane, Fylkesmannen, Sogn og Fjordane fylkeskommune, brukarutvalet i fylket og Høgskulen på Vestlandet.

Meir informasjon, program og påmeldingsside finn de HER.