Samarbeidsavtale mellom Helse Førde og høgskulen

Administrerande direktør Arve Varden i Helse Førde og rektor Berit Rokne ved Høgskulen på Vestlandet har signert ein  samarbeidsavtale.

Samarbeidsavtale II.JPGMålet med avtalen er å vidareutvikle det forpliktande og langsiktige samarbeidet mellom høgskulen og Helse Førde, samt bidra til å skape framifrå fagmiljø og god kvalitet og breidde innanfor forsking, innovasjon og utdanning.

Avtalen skal bidra til å skape gjensidig føreseielege forhold. Vidare skal avtalen danne grunnlag for praktiske løysingar knytt til det organisatoriske og faglege samarbeidet, og leggje til rette for synergieffektar, utvikling og god ressursutnytting for begge partar.

Høgskulen på Vestlandet er ein viktig samarbeidspartnar i samband med utdanningsoppgåvene i Helse Førde.

Kvart år samarbeider institusjonanane om utdanning av ergoterapeutar, fysioterapeutar, radiografar, jordmødrer, bioingeniørar, sjukepleiarar, sosionomar, spesialsjukepleiarar, barnevernspedagogar og spesialpedagogar.

I 2019 gjennomførte nærare 500 studentar frå Høgskulen på Vestlandet delar av utdanninga si i Helse Førde.