Saman om oppsøkjande team

Tenesta for psykisk helse og rus i Stad kommune har teke initiativ til eit kvalitetsløft saman med Nordfjord psykiatrisenter. Dei etablerer no eit felles oppsøkjande team. 
FACT Nordfjord.jpg

Dette laget markerte starten for det nye tilbodet 14. april.

Målet er at innbyggjarar som har vanskar med å nyttegjere seg ordinære psykiske helsetenester får eit samordna og tilpassa tilbod. Teamet består av psykiske helsearbeidarar, erfaringskonsulent, psykiater og jobbspesialist. 

Judith Kvåle er tilsett som teamleiar og har erfaring frå tilsvarande arbeid i Valdres. 

Teamet skal arbeide etter ein godt utprøvd metodikk, kalla FACT (Flexible assertive community treatment). Alt etter den einskilte sitt behov, vil ein supplere oppfølginga med andre tenester frå kommune og spesialisthelsetenesta. Det er opna for at dei resterande nordfjordkommunane kan kople seg på når teamet er kome godt i gang. 

- Vi håpar og trur at dette vil gje ein lettare kvardag for brukarane og deira pårørande, sier Judith Kvåle.