Saman for Vestlandslegen

Helse Førde støttar planen Universitetet  i Bergen (UiB) har, for ei ny og desentralisert legeutdanning. Studiemodellen, kalla Vestlandslegen, kan gje føretaket 30-40 legestudentar. 

Vestlandslegen 1.jpg

Støttar planane om ny legeutdanning: Frå venstre: Olve Grotle (ordførar i Sunnfjord), Anne Kristin Kleiven (utviklingsdirektør Helse Førde), Mona Skivenesvåg Løvø (overlege og medlem frå Helse Førde i prosjekt Vestlandslegen), Per Bakke (dekan medisinsk fakultet UiB), Steinar Hunskår (prodekan medisinsk fakultet UiB), Evy-Helen Helleseth (fagdirektør Helse Førde) og Arve Varden (adm. direktør Helse Førde).

– Vi trur Vestlandslegen vil gjere oss betre rusta til å rekruttere legespesialistar i framtida, seier administrerende direktør Arve Varden i Helse Førde.

Vestlandslegen er ein ny og desentralisert studiemodell som skal bidra til å betre legedekninga. Modellen er eit studieløp der medisinstudentar først går tre år ved UiB.

Dei tre siste åra blir dei utplasserte i Helse Førde, Helse Stavanger og Helse Fonna. 

Vi ser føre oss kring ti-tolv medisinstudentar kvart år i Helse Førde. Målet er å ta i bruk ressursar og kompetanse på heile Vestlandet i medisinutdanninga, seier Steinar Hunskår, prodekan ved medisinsk fakultet på UiB. 

Rekruttere betre

Sist veke møttest leiinga i Helse Førde og medisinsk fakultet for å stake ut kursen framover. På møtet blei det teke opp ei rekkje problemstillingar som arealbehov, undervisningslokale, bemanning, økonomi og nødvendige investeringar. 

– I Helse Førde er vi positive til modellen. Vi støttar tilnærminga til Vestlandslegen som framtidas utdanning for legar på Vestlandet. Vi trur at med denne modellen vil Helse Førde bli betre rusta til å rekruttere legespesialister i framtida, seier Varden. 

Ei viktig føring for tanken om vestlandslegen har vore å få fleire til å ta medisinutdanninga si innanlands. Mindre enn halvparten av legane som det er behov for i spesialisthelstenesta utdannar seg i landet. Meir enn 3000 studerer kvart år til lege i utlandet, mange av dei i Aust-Europa.

Fleire studieplassar

- I dag er det 636 studieplassar for legar i landet. Dette talet har vore uendra i mange år, seier Hunskår. 

Eit utvalet oppnemnt av regjeringa, Grimstadutvalet , har gjort framlegg om å auke talet på studieplassar i medisin med 440. Av desse er 120 tenkt lagt til UiB.

- Vårt svar på dette er vestlandslegen. Dersom vi får midlar kan dei første legestudentane vere på plass i Helse Førde om fek-seks år. Når vi er i full gang vil 30-40 legestudentar ved UiB få dei siste tre åra av utdanninga si i Helse Førde, seier Hunskår.

Han trur ein slik studiemodell vil bidra til eit stort kompetanseløft for heile landsdelen:

- Vi vil vere eit universitet for heile Vestlandet. Då kan vi ikkje berre forbruke av Vestlandet, vi må også vere til stades på Vestlandet.

Optimist

Sunnfjordordførar Olve Grotle er mellom dei som engasjerer seg for å få på plass utdanninga.

- Eg reknar med at å rekruttere legar i framtida blir vanskelegare. Eit slikt opplegg trur eg vil gjere det lettare å få studentar som kjenner området, og vil halde fram med å bu her når dei er ferdig utdanna, seier Grotle.

Fagdirektør i Helse Førde, Evy-Helen Helleseth, er optimistisk med tanke på at studentar vil søkje seg til Helse Førde.
 
- På dei store universitetssjukehusa blir det ofte slik at studentane forsvinn litt i mengda. På mindre sjukehus blir dei ein viktigare del av miljøet.

Helleseth håpar at studentane som kjem vil spesialisere seg i Helse Førde, og at dei blir verande. Anten i føretaket eller i kommunane i opptaksområdet. 

– Vi skal i alle fall gjere vårt beste for at det skal bli attraktivt å komme hit, seier ho.