Rustar opp ambulansestasjonar

Som ny tidsrekning å rekne, sa ambulansearbeidarane til Sogn Avis om sine nye ambulanse-stasjonar. Stasjonane i Vik, Sogndal og Høyanger er rusta opp i denne omgangen, to er under planlegging. Dei siste åra har tenesta og tatt i bruk nye eller renoverte stasjonar på sjukehusa i Lærdal, Eid og Førde, men og kortsiktige avtalar som har gitt betre tilhøve i Selje og Lavik.

2019-03-05_Bilde frå ambulansestasjon_10_web.jpg

Frå ambulansestasjonen i Sogndal: Vedlikehald og vask av bil og utstyr kan no gjerast i oppvarma garasjar.

No blir det betre for dei som jobbar i ambulansetenesta, og betre for deg som pasient. Ny stasjon er under planlegging er i Dale.
- Vi er enormt nøgde med at vi no får ta i bruk desse nye stasjonane, seier ambulansesjef Stian Sægrov i Helse Førde. - Dette har stor innverknad på trivselen og korleis ambulansearbeidarane utfører dei daglege gjeremåla sine utanfor ordinære ambulanseoppdrag.

Mange involvert i arbeidet

Sægrov peikar på at personalet no mellom anna får tilgang til treningsareal, garasje og enklare vedlikehald og vask av bil og utstyr. Sistnemde kan no gjerast i oppvarma garasjar på dei nye stasjonane. Under planlegging av utforminga har det vorte etablert brukargrupper med representantar frå drift og eigedomsavdelinga i Helse Førde, områdeleiar i ambulansetenesta, verneombod og tilsetterepresentant på dei aktuelle stasjonane.

Tiltak og anskaffingar på mange stasjonar

I 2011 fekk Helse Førde pålegg frå Arbeidstilsynet om å utbetre ei rekkje tilhøve på ambulansestasjonane. Det har difor blitt gjort tiltak og anskaffingar på mange.


- Ja, stasjonsfasilitetar har blitt langt betre. For ambulansetenesta er det og viktig å ha med seg at jobben òg blir utført ute i bilane, avsluttar ambulansesjef Stian Sægrov. 
 
Dette er dei nye ambulansestasjonane i Helse Førde, pluss eit par som er på planleggingsstadiet:

Vik i Sogn

Helse Førde tok over den nye ambulansestasjonen 1. januar i år, og flytta inn 18. januar. I Vik har Helse  Førde fått heilt nye lokale vis-a-vis rådhuset. Stasjonen har garasjeplass til to ambulansebilar, der det også er tilrettelagt for bilvask. Stasjonen har tre soverom, der to av desse har eige bad. Elles har stasjonen kontor, lager, opphaldsrom og kjøkken. Totalt er den nye stasjonen på 215 rutemeter inkludert garasje. Stasjonen har ein ambulanse med kasernevakt. Personellet er tilsett i Sogndal og jobbar rotasjonsordning med om lag 1/3 av vaktene sine i Vik.

Høyanger

Helse Førde overtok den nye ambulansestasjonen i Høyanger i februar. Den nye Høyanger ambulansestasjon, som er etablert i Leira Næringspark AS sine lokale  ”Leira II”, ligg inne på Hydros industriområde, tett ved hovudporten til området. Stasjonen er dimensjonert for to ambulansebilar og inneheld nødvendige funksjonar som garderobe, kontorlokale, opphaldsrom og fire soverom med eigne bad. Garasje med plass til to ambulansebilar. I Høyanger er det 10 tilsette som jobbar fordelt på døgn- og dagambulansen på stasjonen.

2019-03-05_Bilde frå ambulansestasjon_11_web.jpg

Frå ambulansestasjonen i Høyanger: Flott, moderne opphaldsrom. 

Sogndal

Helse Førde tok over den nye stasjonen 30. november 2018. Den er plassert på Helse Førde sin eigedom ved Indre Sogn Psykiatrisenter (ISP). Prosjektet omfattar nybygg på 170 rutemeter med ambulansegarasje, vaskehall og garderobar med tilhøyrande fellesfunksjonar og driftsfunksjonar.  185 rutemeter av eksisterande bygg på ISP blei bygd om til bu- og kontorfunksjonar for ambulansepersonellet. På Sogndal ambulansestasjon er to ambulansebilar med døgnkontinuerleg drift stasjonert. Ambulansepersonellet ved stasjonen roterer også mot Vik ambulansestasjon.

Dale (Fjaler)

Beredskapshus Dale med ambulanse, politi, sivilforsvar og brannvesenet i Dale er under planlegging. Prosjektet vart lyst ut på anbod våren 2018, og Trilagd AS vann konkurransen. Tanken er at Fjaler kommune bygger og leiger ut til mellom andre Helse Førde. Fjaler kommune jobbar no med å kalkulere endeleg arealbehov og husleige for leigetakarane i prosjektet. Deretter skal Helse Førde ta stilling til korvidt ambulansetenesta skal vere med vidare i prosjektet eller ikkje. Fjaler ambulansestasjon har 14 årsverk som dekkjer to ambulansebilar med døgnkontinuerleg kasernedrift.