Rocka kantina med pasientkonsert

Skal ein dømme etter publikumsresponsen var pasientkonserten med bandet Good Time Charlie ein skikkeleg suksess.  Med vokalist Arle Hjelmeland i spissen fekk bandet opp god stemning i kantina på Førde sentralsjukehus i løpet av den timelange konserten torsdag 23. august.

ROCKA SJUKEHUSET: Publikum var ein fin blanding av pasientar, pårørande og tilsette som tydelegvis sette pris på dette musikalske avbrekket i sjukehuskvardagen. På bildet frontfigur Arle Hjelmeland, som var med og starta opp Good Time Charlie så tidleg som i 1982.

GTC 2.jpg

FØRSTE AV TO KONSERTAR I HELSE FØRDE: Bandet spelte vel ein time i sjukehuskantina midt på dagen torsdag, og seinare på kvelden stod dei for musikken under Helse Førde sin sommarfest 2018 for tilsette. Rundt 600 medarbeidarar i helseføretaket var påmeldt festen som var lagt til eit stort partytelt utanfor sjukehuset i Førde.