Riggar sjukehuset for å ta imot koronapasientar

Førde sentralsjukehus blir no rigga fysisk for på tryggast mogeleg måte å kunne ta imot pasientar som har blitt sjuke av koronaviruset. Det blir etablert ein eigen inngang til desse pasientane, og dei blir lagt inn på ein spesielt tilrettelagt sengefløy i åttande etasje.

Ved normal drift er det medisinsk sengepost som held til i denne etasjen på Førde sentralsjukehus. Som ein del av beredskapssituasjonen Helse Førde står oppe i, blir ein av sengefløyane i denne etasjen no gjort klar for å kunne motta koronasmitta pasientar som treng behandling på sjukehus.

Flyttar kreftsengeposten

For å få dette til på ein mest mogeleg trygg måte, er det naudsynt at kreftsengeposten i åttande etasje blir flytta ned til sjette etasje. Her har det fram til no vore pasienthotell, men dette blir no rigga om til å kunne ta imot kreftpasientar som i ein normaltilstand ville blitt innlagt i åttande.

Av omsyn til smittevernet skal eventuelle koronasmitta pasientar ikkje kome inn til sjukehuset gjennom det ordinære akuttmottaket. Difor etablerer Helse Førde no ein eigen inngang for desse pasientane. Dette blir gjort ved å setje ein brakkerigg utanfor vestsida av sjukehuset, med enkel tilgang til heis som går direkte opp til åttande etasje.

Førebuingar

- Dette er tiltak og førebuingar, vi gjer for å skilje pasientar med symptom på koronasmitte, frå andre pasientar inne i sjukehuset, seier klinikkdirektør i Helse Førde, Børge Stavland.

Brakkeriggen blir no klargjort både teknisk og hygienisk, slik at den er klar til å ta imot koronapasientar når dei måtte komme.

Brakker ved akuttmottaket

Korona- Brakker ved akuttmottak.jpg

På same tid etablerer Helse Førde også ei brakkeløysing utanfor det ordinære akuttmottaket ved Førde sentralsjukehus (bildet). Her vil vi ha mottak av pasientar som primært kjem til sjukehuset med andre akutte tilstandar enn koronaviruset, men som ikkje er avklara med omsyn til smitte. Dette er altså pasientar som vi ikkje veit sikkert om er smitta eller ikkje.

Dei ovanfor nemnde tiltaka blir gjort for å unngå at koronaviruset skal kunne spreie seg på sjukehuset. Tiltaka kan medføre forseinkingar og ekstrabelastningar både for pasientar, tilsette og andre, men Helse Førde vurderer dei som livsviktige og dermed heilt naudsynte.