Rekordlåge ventetider i fjor

Pasientar i Helse Førde ventar minst: Ventetidene i Helse Førde var nemleg rekordlåge gjennom heile fjoråret. Dette går fram av årleg melding som styret i føretaket skal handsame på møtet fredag 27. januar.

 

Mot slutten av fjoråret venta pasientane i snitt 41 dagar. Dette er ein reduksjon på 22 dagar frå året før. Kravet frå styremaktene var at ventetida i spesialisthelsetenesta skulle vere under 65 dagar i 2016. Helse Førde har altså langt betre ventetider enn kravet.

- Helse Førde har heile året vore i framkant av krava på alle område, og vi er nøgde med rekordresultatet som er nådd så langt, heiter det i årleg melding.

Kortast i vest

Helse Førde har dei kortaste ventetidene av føretaka i Helse Vest. På same tid har Helse Vest kortast ventetider av dei fire helseregionane. Vi kjenner ikkje til noko helseføretak i landet med kortare ventetider.

Nedgangen som er oppnådd kjem som resultat av god planlegging:

- Avdelingane ser nytten av å gjere unna planlegginga med ein gong.

Rapport til eigar

Ventetidene er kortast innan psykisk helsevern med 29 dagar mot slutten av året. Dette er ein reduksjon på fem dagar samanlikna med 2015.

Årleg melding er Helse Førdes rapport på oppfølging av dei mål og krav som er sett av eigaren, Helse Vest. I framlegget til vedtak i styret heiter det at meldinga synleggjer at Helse Førde har synt god utvikling og auka kvaliteteten innanfor fleire sentrale område.