- Vinnaren av kvalitetsprisen for 2021 har hatt ei lang og svært innhaldsrik fartstid i Helse Førde. Vinnaren har markert seg som fagperson, som rådgjevar på systemnivå i helseforetaket, som avdelingsleiar, forskar og også som frontfigur og leiar for Helse Vest sitt regionale netterk innan fagområdet, sa administrerande direktør Arve Varden, for tida på tenestereise.
Prisen vart såleis delt ut via videolink frå gate 20 på Sola flyplass ved Stavanger. I auditoriet på Førde sentralsjukehus kunne prisvinnaren saman med dei fem øvrige nominerte og resten av den fysiske konferansen følgje spent med på storskjermen.
PRISVINNAR: Reidar Hjetland flankert av klinikkdirektør Trine Vingsnes og seksjonsleiar Kari Furevik (t.h.).Høg fagleg kvalitet
Juryen la i si grunngjeving vekt på den høge faglege kvaliteten Hjetland har lagt ned i alt sitt arbeid, og understreka ikkje minst kor allsidig Hjetland har vore gjennom si karriere. Reidar Hjetland vart takka av som avdelingsleiar for berre nokre veker sidan, og er no over i eit pensjonisttilvære der han kun jobbar ein mindre stillingsbrøk i Helse Førde.
- God diagnostikk av infeksjonar er heilt nødvendig for å drive eit sjukehus med høg kvalitet. Analysearbeidet som heile tida føregår i mikrobiologisk avdeling, gir svar på kva for ein bakterie eller virus som forårsakar pasienten sin sjukdom. Og slik kan legar i sjukehusa våre, men også ute i kommunane, finne rett behandling, heiter det mellom anna i juryen si grunngjeving, som held fram slik:
- Ein avgjerande motor
- Som mikrobiolog og avdelingssjef har Reidar Hjetland vore ein avgjerande motor i å bygge opp mikrobiologisk avdeling. Fagområdet har hatt stor utvikling frå 90-tallet til i dag, både innan bakteriologi, serologi og dei seinare åra molekylærbiologi. Reidar Hjetland har utdanna nye spesialistar i det mikrobiologiske faget og rekruttert dei tilbake som overlegar til Helse Førde. Dette er sjølvsagt vesentleg for drifta av avdelinga slik den er i dag, men har også vore ein føresetnad for å kome opp på det kvalitetsnivået avdelinga ligg på i dag.
Kvalitetskultur
- Kvalitetsarbeid på dette nivået krev ressursar som alt anna arbeid ein skal gjere i ei avdeling, men representerer også ein måte å tenke på og ein kvalitetskultur, heiter det mellom anna i grunngjevinga. Og vidare:
- At Reidar i lag med sine folk har sørga for at mikrobiologisk avdeling vart og framleis er godkjent som akkreditert lab, er verdt ein kvalitetspris i seg sjølv. (...) - Reidar har også drive med forskning, noko som er avgjerande for å utvikle helsetenester til stadig betre kvalitet. Reidar tok sin doktorgrad på borrelia i 2017. Han var den første i Helse Førde som disputerte «heime» i vårt eige auditorium på Førde sentralsjukehus – så han har vore ein føregangsmann også på den måten.
- Ein ærespris
Ingen i Helse Førde veit kor mange gonger du har undervist kolleger og helsepersonell i dette auditoriet, Reidar. Men all kompetansebygginga som du heile vegen har drive, innan mikrobiologi og infeksjonsmedisin samt smittevern, har vore avgjerande for utviklinga og kvaliteten i Helse Førde – det er det ingen tvil om. Så kanskje det er heilt på sin plass at du i dag får kvalitetsprisen nettopp i auditoriet der du har undervist så mykje – og ikkje minst disputerte for doktorgraden. Ein kan godt sjå på årets kvalitetspris som ein ærespris, avsluttar juryen.
Prisen består av eit kunstverk, diplom og sjekk på 80.000 kroner.
Vi gratulerer Reidar Hjetland, og mikrobiologisk avdeling i Helse Førde, med Kvalitetsprisen 2021!
Desse var også nominerte til Kvalitetsprisen 2021:
Kandidat 1: Monika Staberg Sunde og Michael Zukrowski
Nominert av: Gunvor Steine Tufte, sjukehusapotekar.
Nominerte for sitt arbeid med: Logistikk rundt cytostatika-kur frå bestilling, til apotek, og ut til avdeling.
Kandidat 2: Randi Mette Steen
Nominert av: Annette Hetle, jordmor KK.
Nominert for sitt arbeid med: Samtalepoliklinikk for gravide med fødselsangst
Kandidat 3: Kjersti Grinde
Nominert av: Trude Hansen Folkestad, avdelingssjef KK.
Nominert for sitt arbeid med: Anafylaksi-skrin
Kandidat 4: Gruppe ved psykiatrisk klinikk; Carina Skøld, Olof Skøld, Grete Svardal, Thorbjørn Olsen, Kristin Mundal, Ida Sætre og Katrine Bortheim.
Nominert av: Svein Ove Alisøy, avdelingssjef psykiatrisk klinikk.
Nominert for sitt arbeid med: 4-dagars behandling for panikkliding og tvangslidingar B4DT
Kandidat 5: Torstein Solset
Nominert av: Helge Robert Midtbø, direktør for drift og eigedom.
Nominert for sitt arbeid med: Satsing på økologiske matvarer
Vi gratulerer alle med nominasjonen!