HELSENORGE

Reduserer til grøn beredskap i Helse Førde

Helse Førde planlegg for ei meir normal sjukehusdrift i tida framover. Dei strenge smitteverntiltaka gjeld framleis og besøksrestriksjonane blir vidareført.

Sidan 6. desember har beredskapsnivået i Helse Førde vore sett til gult. Frå og med tysdag 18. januar blir beredskapsnivået endra frå gult til grønt. Beredskapen kan likevel endre seg raskt der​som det blir trong for det. 

– Dette gjer vi ut i frå ei samla vurdering av kapasiteten i sjukehusa, der tal pasientar med covid-19 er lågt, seier administrerande direktør Arve Varden.  

​​Aukande smi​​ttetrykk

Helse Førde forventar auka smitte av omikron i Sogn og Fjordane. Bakgrunnen for at føretaket vidarefører besøksrestriksjonane er omsyn til pasientane våre og dei tilsette.

- For å oppretthalde sjukehusdrifta treng vi så mange som mogeleg av våre tilsette på jobb, og derfor vil vi så godt det let seg gjere verne dei mot potensiell smitte, sjukdom og karantene, seier Varden, og legg til;  - Det er ikkje mogeleg å seie kor lenge besøksrestriksjonane vil vare, men vi vurderer dette fortløpande på bakgrunn av blant anna smittetrykket i området og i landet elles.

Varden understrekar at det også i tida framover vert viktig å følgje nasjonale råd og reglar for smittevern, mellom dei å halde avstand og bruke munnbind når det ikkje er råd å halde nødvendig avstand.

​Grøn be​redskap 

Smittetala i området er stigande, og Helse Førde vil vurdere å endre beredskapsgraden raskt dersom det er trong for endring.

Beredskapsnivåa:

  • GRØN beredskap
    • Beredskapsleiing blir etablert, og nokre funksjonar kan ved behov bli forsterka
  • GUL beredskap
    • Det vil bli ei avgrensa mobilisering av ekstra ressursar.
  • RAUD beredskap
    • Mobilisering av betydelege ressursar og omlegging av drift.​

​