Rabies-smitte stadfesta

Analysen av prøvene frå pasienten stadfestar diagnosen rabies.

Helse Førde fekk laurdag analysesvar frå det statlege Folkehelsemyndighetene i Sverige på prøvene frå pasienten som er innlagt på Førde sentralsjukehus. Vedkommande vart biten av ein hund under ein ferietur i Asia for vel to månader sidan, og har gradvis vorte dårlegare.

- Gjennom desse prøvesvara har vi no fått stadfesta at diagnosen er rabies, seier fagdirektør Trine Hunskår Vingsnes. - Vi tek framleis alle naudsynte forholdsreglar, og held fram med smitteverntiltak slik regelverket tilseier og i samråd med Folkehelseinstituttet.

Det var tidlegare denne veka at ein fekk kjennskap til hundebitet. Torsdag vart det teke prøver og sendt til analyse i Sverige, då det ikkje er nokon i Norge som gjer slike analysar.

- Pasienten er alvorleg sjuk. Ut over dette ønskjer vi ikkje å gå ut med opplysningar om tilstanden, seier Vingsnes. – Som tidlegare er det viktigaste for oss å ivareta pasient og pårørande.

Det er også kjent at nokre andre personar i same reisefølget, heimehøyrande i andre fylke, var i kontakt med den same hunden. Smittevernansvarlege i deira respektive heimkommunar er varsla.
På eit informasjonsmøte for tilsette ved Førde sentralsjukehus fredag opplyste Vingsnes at det ikkje er rapportert om at rabies smittar mellom menneske. Smitte til helsepersonell ved enkelte medisinske prosedyrar har vore diskutert, men det er aldri dokumentert at det har skjedd, korkje i Norge eller i utlandet.

Meir fakta om rabies finst på  https://fhi.no/sys/sok/?term=rabies#

Pressekontakt i Helse Førde:
Kommunikasjonsrådgjevar Per Marifjæren 917 81 021

NB: Pårørande til pasienten ber Helse Førde formidle at dei ikkje ønskjer å bli kontakta av media.