Rabies-smitta pasient døydde

Pasienten som var innlagt med rabies-smitte på Førde sentralsjukehus, døydde tidleg måndag kveld som følgje av sjukdommen.

-  Pasienten var innlagt i vår intensivavdeling, og døydde fredeleg med den næraste familien rundt seg, opplyser fagdirektør i Helse Førde, Trine Hunskår Vingsnes.

Pasienten vart smitta av sjukdommen ved eit hundebit under ein ferietur i Asia for omlag to månader sidan. Sjukehuset fekk kjennskap til kontakten med hund sist torsdag, og laurdag stadfesta prøvesvar at vedkommande var smitta av rabies.

Helse Førde vil halde fram sitt arbeid med smittevern blant eigne tilsette og andre som var i kontakt med pasienten.

Slik situasjonen er, kjem Helse Førde ikkje til å gje ytterlegare kommentarar eller intervju til media no i kveld. Vi ber om at dette blir repektert.

NB: Pårørande til pasienten ber igjen Helse Førde formidle at dei ikkje ønskjer å bli kontakta av media.