Psykisk sjuk, eller berre normale reaksjonar på sjølve livet?

Har helsevesenet vårt ei produktiv og riktig tilnærming til psykiatri og psykiske sjukdommar? Eller er slike plager rett og slett normale reaksjonar på problematiske ting i livet? Dette er blant problemstillingane psykiater Trond Aarre tek opp i si nye bok "En mindre medisinsk psykiatri".

Statsminister-Solberg-på-NPS-7.-nov.-2017-I.jpg
Trond F. Aarre er psykiater og avdelingssjef ved Nordfjord psykiatrisenter. Her tek han mot statsminister Erna Solberg då ho vitja psykiatrisenteret i november.

Boka "En mindre medisinsk psykiatri" er no ute på Universitetsforlaget.

- I boka tek eg utgangspunkt i dei tvetydige styringssignala som fagfeltet får frå helsestyresmaktene, seier Aarre. - Desse uklåre signala skuldast stor uvisse rundt korleis psykiske problem og rusproblem er å forstå, og korleis behandlinga av dei bør organiserast og gjennomførast.

Normale reaksjonar i livet?
I boka spør Aarre om pasientane kjem til helsevesenet med psykiske sjukdomar  - eller om plagene deira heller dreier seg om normale reaksjonar på vanskelege liv?
Forfattaren er kritisk til den medisinske tilnærminga til slike plager (psykiske helseplager og rusproblem). Han viser til at hundre års forsking ikkje har gjeve oss klåre svar på kva eventuelle psykiske sjukdomar består i, eller kva årsakene er.

- Det er difor meir nærliggande å oppfatte plagene som reaksjonar på det livet folk lever, enn som eit uttrykk for at det er noko avvikande, defekt eller sjukt i individet.

Ugyldig diagnostikk?
Boka ser også kritisk på diagnostikken, som er ei viktig side ved den medisinsk orienterte psykiatrien. Her hevdar forfattaren at dei etablerte diagnostiske kategoriane våre i realiteten er lite gyldige. Så tek boka føre seg dei praktiske konsekvensane av den medisinske tankegangen, og syner korleis den bind oss til å organisere og drive tenestene på måtar som faktisk gjev uheldige resultat.

Målgruppene
Boka sluttar med eit kapittel som skildrar korleis ein heller kunne arbeidd for å oppnå eit psykisk helsevern som er meir personorientert enn diagnoseorientert.

- Eg har prøvd å skrive ei lettlest bok som eg håpar mange kan ha utbyte av, seier Trond Aarre. - Målgruppe er sjølvsagt fagfolk innan psykiatrien, men også beslutningstakarar i helsevesenet og tilsynsorgan. For ikkje å gløyme alle andre som i ein eller annan samanheng har befatning med eller interesse for det som skjer i psykiatrien.