Pris til overlege i Helse Førde

På årets konferanse til Samordningsrådet for arbeid for menneske med utviklingshemming (SOR) fekk habiliteringslege Ivar Mæhle i Helse Førde SOR-prisen 2019.

SOR-prisen 2019 - Ivar Mæhle.png

Overlege Ivar Mæhle fekk utdelt prisen i samband med SOR-konferansen i Bergen.

Prisen går til personar som har utmerka seg spesielt med å bidra til betre levekår for utvikingshemma menneske.

I grunngjevinga for å gje prisen til Mæhle heiter det at han over mange år har lagt ned eit stort arbeid for betre helse- og legetenester for menneske med utviklingshemming. Også hans evner som formidlar og føredragshaldar blir trekt fram.

"Overlege Ivar Mæhle har i mange år satt sine fotavtrykk og inspirert fagmiljøet med sitt engasjement og sin spisskompetanse. Han har utmerket seg spesielt for å bidra til bedre levekår for mennesker med utviklingshemming", heiter det i grunngjevinga.

Ivar Mæhle har jobba i mange år ved psykiatrisk klinikk i Helse Førde. Han arbeider no på vaksenhabilitering/sentralt ressursteam, og har dei seinare åra også delt kunnskapen sin i fagbøker og i rollane som forfattar og redaktør.

SOR er ei stifting som arbeider med informasjons- og kompetanseformidling, fagutvikling og sosialpolitiske innspel. Stiftinga har særleg fokus på haldningsarbeid og bevisstgjering om utfordringar og utviklingsmogelegheiter. SOR arbeider for å fremje rettane til utviklingshemma gjennom samvirke med enkeltpersonar, frivillige organisasjonar, offentlege etatar, fagmiljø og utdanningsinstitusjonar.

Tema for årets SOR-konferanse var «Er godt nok godt nok?». Konferansen vart avvikla i Bergen tidlegare i mai.