Vi registrerer at løysinga har skapt uro, og vil her prøve å seie litt om kva som ligg i forslaget. Vi har også bestemt oss for å gjennomføre eit ope møte i Bremangerhallen onsdag 22. september for ytterlegare å kunne belyse kva som ligg i den føreslegne løysinga. I dette møtet vil det bli gitt høve til å stille spørsmål og gje kommentarar.

Den føreslegne modellen vår inneber at Ytre Bremanger primært vert dekka av ein ny ambulansebåt frå Florø. Båten skal berre nyttast til oppdrag for helsetenesta og har skjerpa krav til reaksjonstid – tid frå varsling til utrykking. Dette i motsetnad til dagens båt som også utfører andre oppgåver, mellom dei ruteskyss i Florabassenget. Det primære dekkingsområdet vert øyane i Florabassenget og Ytre Bremanger. Ved kai i Ytre Bremanger blir det fast plassert ein fullverdig ambulansebil som kan nyttast av ambulansepersonalet, når pasientane må hentast til båten. Overflytting frå bil til båt vil på alle kjende kaihøgder i området skje via terskelfri, motorisert landgang i baug og hekk på båten. Det kan også vere aktuelt å plassere ut bil på andre strategiske punkt, for eksempel Leirgulen.
Dagens ambulansebil i Svelgen held fram som før.
Ambulansebåten skal ha to personar med akuttmedisinsk kompetanse, slik kravet er i ambulansebilane. I tillegg kjem båtførar. Reiarlaget syter for båtførar og matros, ein av desse med akuttmedisinsk kompetanse. Helse Førde har i tillegg ein faglært ambulansearbeidar om bord til ei kvar tid. Føretaket sitt personale vil rotere mot bilambulanse, og dermed sikre seg mengdetrening på akuttmedisinske situasjonar. Den medisinske kompetansen om bord blir altså den same som i bilambulansane våre.
Båten er ein katamaran som er konstruert for å vere ein ambulansebåt. Den er romsleg, har to båreplassar, moderne medisinsk utstyr og behandlingsrom, universell utforming og moderne hygieniske standardar. Fart og komfort vil variere etter kva vêr det er, men under utviklinga av båttypen har det vore lagt vekt på best mogelege eigenskapar i dårleg vêr. Så langt vi i Helse Førde kjenner til, er det i dag ikkje ambulansebåtar i Noreg med betre eller tilsvarande ytingar.
Gangtid mellom Florø og Kalvåg er på om lag 21 minutt. I tillegg kjem nokre minutt til å manøvrere i kaiområda. Dette betyr at responstida ut til pasient i mange tilfelle kan bli lenger enn i dag. Samstundes kan reisetida pasientane brukar frå Bremangerlandet til Førde sentralsjukehus ofte bli kortare enn i dag, med båt til Florø og bil vidare til Førde.
Dagens ambulansebil i Ytre Bremanger har god beredskap når den er ledig, men bilen kan vere vekke i lengre periodar når den er på oppdrag. Ambulansebåten som er stasjonert i Florø, har i dag færre enn to oppdrag i veka. Dette indikerer at den blir svært tilgjengeleg for oppdrag. Skulle båten likevel få ei samtidskonflikt, vil ambulansebil utplassert på Bremangerlandet kunne bemannast med personell frå luftambulanse eller redningshelikopter. Slik kan hjelpa komme heilt fram til pasienten, også ved samtidskonflikt for båten.
Helse Førde har eit stort og grisgrendt område å dekke. Mange stader er det slik at dei gongene det hastar, er det verken bil- eller båtambulanse som er mest hensiktsmessig. Når pasientane må fort til sjukehus i Førde eller Bergen, er det ofte samarbeid med luftambulanse frå Førde eller redningshelikopter frå Florø om behandling og transport av pasienten.
Arbeidsgruppa som har utarbeidd modellen, peikar også på andre fordelar. I dag har Florø to døgnambulansar, men ved utrykking med dagens ambulansebåt må ambulansearbeidar frå ein av bilane vere med i båt. Den nye løysinga sikrar Florø tre fullverdige ambulanseressursar, to ambulansebilar og ein båt. Auka beredskap i Florø betyr at moglegheita for å flytte ressursar mot Svelgen vil auke. Det betyr igjen auka beredskap i Svelgen, og også nord- og vestover i resten av kommunen. I gruppa vart det også peika på at båten kan spele ei viktig rolle mot Ytre Bremanger dersom Kinn og Bremanger kommunar inngår samarbeid om legevakt. Om det blir aktuelt, må kommunane avgjere.
Når høyringsfristen er ute vil vi gå gjennom alle innspel som er komne inn, vurdere dei, og eg vil legge fram ei tilråding for styret i Helse Førde.
Vi bur i eit område der det er krevjande å drifte ambulansetenester og har opparbeidd oss brei kompetanse og erfaring på denne delen av tenestetilbodet vårt. Løysinga eg tilrår skal sikre eit godt og moderne ambulansetilbod, i heile området til Helse Førde.
Arve Varden
administrerande direktør
Helse Førde