Prehospital plan skal på høyring

- No blir det ein spennande høyringsperiode!

Slik oppsummerte styreleiar Agnes Landstad saka der Helse Førde-styret torsdag vedtok at utkastet til prehospital plan skal ut på høyring.

​Dermed får partar som kommunar, legevakter, tilsette i tenesta og andre interessentar no høve til å seie si meining om planen.

- Vi skal i dag diskutere om utkastet er godt nok til å bli sendt ut på høyring, sa Landstad då ho innleia saka for styret.

Og etter at klinikkdirektør Tom Guldhav hadde gjeve ei grundig orientering om utkastet til prehospital plan, var svaret på spørsmålet eit samrøystes ja frå styret. Guldhav orienterte om mellom anna den utstrekte involveringa av kommunane i prosessen, og grunngav dei strukturelle grepa som er gjort i utkastet til plan.

Og i det firepunkts vedtaket som vart fatta seier styret seg tilfreds med det arbeidet som så langt er gjort med planen:

1. Styret meiner at førelagt utkast til prehospital plan svarar på mandatet.
2. Styret er godt nøgd med den grundige prosessen som har leia fram til høyringsutkastet.
3. Styret ber administrerande direktør sende utkast til prehospital plan på høyring til kommunar, legevakter og andre interessentar.
4. Planen skal endeleg behandlast i styret i desember 2019.

Ved å klikke på DENNE LENKA kan du sjølv lese utkastet til prehospital plan som i vekene framover altså skal ut på ein omfattande høyringsrunde.