Prehospital plan på høyring

Rapporten frå første fase i arbeidet med ein plan for dei prehospitale tenestene i Helse Førde er no sendt på høyring. Rapporten på meir enn 170 sider gjev eit omfattande bakgrunnsmateriale om ei svært viktig teneste for innbyggjarane i Sogn og Fjordane.

Ambulansesjåførar ved Førde sentralsjukehus.
HØYRINGSUTKAST: Planen blir no sendt ut på høyring.   Foto: Vidar Helle.

Høyringsutkastet inneheld mykje fakta og vurderingar av status om aktivitetstal for bilar, båtar og luftambulanse, bemanning og vaktordningar, økonomiske realitetar og uønska hendingar. I arbeidet er det henta inn synspunkt frå medarbeidarane og det er gjennomført brukarundersøking og spørjeundersøking mellom publikum.

Rapporten er utarbeidd av ei breitt samansett gruppe med deltakarar frå Helse Førde, kommunar og brukarar. Det har også vore sett ned ei referansegruppe med brei fagleg kompetanse på området.

Høyringsutkastet er godkjent for utsending av styret i Helse Førde. Styret har tidlegare vedteke at prosessen med ein plan for heile det prehospitale området skal gjennomførast i tre fasar. Rapporten som blei send på høyring denne veka, høyrer til første fase i arbeidet. I dei to siste fasane skal det lagast detaljerte modellar for framtidas ambulanseteneste. Siste fase er å setje ut i livet den modellen styret går inn for.

Høyringsfristen er 30. mai. Etter det skal føretaket arbeide aktuelle innspel og kommentarar til ein endelege versjon som styret i Helse Førde tek stilling til i vår.

Du kan lese heile høyringsutkastet her (pdf)På denne sida finn du mykje informasjon om arbeidet med planen