HELSENORGE

Prehospital plan endeleg vedteken

Styret i Helse Førde vedtok torsdag ettermiddag tredje og siste fase av prehospital plan. Dermed er eit arbeid som har pågått sidan 2013 no endeleg avslutta.

​​Framfor møtet var spenninga særleg knytt til korvidt styret ville slutte seg til  administrerande direktør si tilråding for Fjaler og Ytre Bremanger.
Desse inneber å gjere ein av to døgnambulansebilar i Fjaler om til dagbil, og at ambulansebåt frå Florø og ambulansebil frå Svelgen skal vere primærressursane for dei prehospitale tenestene i Ytre Bremanger. 
Ei gruppe menneske som sit i ein formell møtesal
FEKK FLEIRTAL: Administrerande direktør Arve Varden fekk eit stort fleirtal i styret med på framlegget til siste fase av prehospital plan. Til høgre styreleiar Agnes Landstad. 
(FOTO: MARGUNN L. MASDAL, HELSE FØRDE)

Dette vart til slutt vedteke med stort fleirtal i styret, etter at alle alternative framlegg fall. 
I forkant av møtet var engasjementet stort, og Helse Førde fekk inn kring 40 høyringsuttalar på førehand.

​​Fleirtalet av styremedlemmene gav uttrykk for at administrasjonen har gjort ein særs god jobb med å utgreie og belyse saka, og meinte at høyringsuttalane var blitt tatt på største alvor.
Direktøren fekk altså ros fra styret sitt for måten saka er lagt fram på, og fleire gav uttrykk for at det gjort eit grundig arbeid med prehospital plan. Nestleiar i styret, Anne Sissel Faugstad, som har lang erfaring med styrearbeid i ulike helseforetak, sa rett ut at ho aldri har sett makan til grundig behandling av ei sak framfor eit styremøte.
– Eg har jobba med mange ulike saker, men her må eg seie at administrasjonen, med Arve Varden i spissen, har gjort ein fabelaktig jobb i denne saka, sa Faugstad.​

Før møtet hadde administrerande direktør Arve Varden revidert sitt opphavelege framlegg noko. Endringane går på meir detaljerte og konkretiserte avbøtande tiltak. Dette inneber mellom anna at det ved varsel om ekstremvêr kan bli aktuelt å gjere dagbil i Dale om til døgnbil, bemanne tre båtar i beredskap, eller flytte reservebåten frå Florø til Bremanger. Dei dagane det er krevjande å krysse Frøysjøen, kan det bli aktuelt å til dømes sette inn ein bemanna beredskapsbil i Ytre Bremanger.

Styremøtet gjekk føre seg utan dei heitaste diskusjonane. Men dette betyr ikkje at engasjementet mangla eller at det var full semje i styret. 

Styrerepresentant Reidar Sandal fremma mellom anna forslaget om å oppretthalde døgnambulansebilen i Ytre Bremanger, men utanom si eiga røyst fekk han kun med seg eitt av dei andre styremedlemmene.  

Sandal meinte dei føreslegne endringane ville innebere ei dramatisk svekking av dei prehospitale tenestene i Ytre Bremanger. 
– Eg kan ikkje stå oppreist og stemme for eit forslag eg ikkje meiner er forsvarleg. Høyringsinnspela frå Bremanger gjer eit sterkt inntrykk, sa Sandal.

Her er heile vedtaket som styret i Helse Førde gjorde torsdag ettermiddag: 

1. Ambulansestasjonen i Lavik blir oppretthalden. Den eine døgnbilen i Fjaler vert gjort om til dagbil. Endringa skal gjennomførast i dialog med kommunane. 

​Endringa inneber m.a:
• Spesialbygd hurtiggåande katamaran med ambulansemedarbeidar og maritimt personell med medisinsk kompetanse til å vere personell nummer 2 i ambulansebil
• Ein døgnbil og ein dagbil stasjonert i Dale
• Kvit bil til å avlaste transportoppdrag og dermed frigjere beredskap i området. 
• Beredskapsbil i Askvoll, på Atløy og Værlandet
• Bruk av beredskapsferje ved behov frå Askvoll til Atløy. 
• Bruk av flåtestyring av bilar og båtar ved behov. 
• Ved varsel om ekstremvér eller andre ekstraordinære forhold vil eitt eller fleire tiltak vere aktuelle: Ta kontakt med kommunen i høve tilpasningar i den akuttmedisinske kjeda, vurdere å omgjere dagbil i Dale til døgnbil, vurdere å auke beredskap ambulansebåt frå to til tre båtar. 

2. Helse Førde skal medverke til å utvikle samarbeidet med kommunane Høyanger, Fjaler, Hyllestad og Askvoll og dei andre aktørane i den akuttmedisinske kjeda, inklusiv medverke til utvikling av akutthjelparordninga i samarbeid med kommunane.

3. Dei primære ressursane for å dekke behovet for prehospitale tenester i Ytre Bremanger skal vere ambulansebåt frå Florø og ambulansebil frå Svelgen. Endringa skal gjennomførast i dialog med Bremanger kommune. 

Endringa inneber m.a:
• Spesialbygd hurtiggåande katamaran med ambulansemedarbeidar og maritimt personell med medisinsk kompetanse til å vere personell nummer 2 i ambulansebil
• Beredskapsbil i området Kalvåg/Smørhamn og beredskapsbil i området Leirgulen/Rugsund
• Døgnbemanna ambulansebil i Svelgen, og der vaktskiftet som hovudregel skal skje i Svelgen (ikkje Florø)
• Bruk av flåtestyring av bilar og båtar ved behov.
• Kvit bil til å avlaste transportoppdrag og dermed frigjere beredskap i området. 
• Ved varsel om ekstremvér eller andre ekstraordinære forhold vil eitt eller fleire tiltak vere aktuelle: Ta kontakt med kommunen i høve tilpasningar i den akuttmedisinske kjeda, vurdere å bemanne beredskapsbil i Ytre Bremanger, vurdere å flåtestyre ambulanse til Ytre Bremanger, vurdere å auke beredskap ambulansebåt frå to til tre båtar, vurdere å midlertidig flytte ambulansebåt frå Florø til Bremanger
• Helse Førde skal medverke til å utvikle samarbeidet med Bremanger kommune og dei andre aktørane i den akuttmedisinske kjeda, inklusiv medverke til utvikling av akutthjelparordninga i samarbeid med kommunen.
(Vedteke med 9 røyster)

ALTERNATIVT PUNKT 3, fremma av representanten Reidar Sandal:
Døgnambulansen i Ytre Bremanger vert oppretthelden. 
(2 røyster)

4. Endringane knytt til stasjonane i Fjaler og Ytre Bremanger skal ikkje gjennomførast før dei nye ambulansebåtane er i drift.
TILLEGG, fremma av representanten Aud Ingrid Espeland: 
Endringane i Fjaler og Ytre Bremanger skal ikkje gjennomførast før dei nye ambulansebåtane har vore i drift i seks månader. 
(Tilleggsframlegget fall mot 3 røyster) 

5. Administrerande direktør skal dei første to åra etter endring i tenestene gjennomføre halvårleg evaluering av utviklinga av tenestetilbodet, i dialog med kommunane. Evalueringa skal gjerast med utgangspunkt i risikovurderingane for Bremanger og Dalsfjorden/Ytre Sogn, med særleg vekt på responstid og tilpassingar i uvér, og administrerande direktør sine vurderingar i denne saksutgreiinga. Evalueringane skal leggast fram for styret. 

6. Samanslåinga av Hornindal og Volda får ingen konsekvensar for dei prehospitale tenestene i Nordfjord. Forslaget som låg til grunn etter fase 2 for prehospital plan kan gjennomførast.

7. Administrerande direktør skal orientere styret om framdrift i arbeidet med innføring av prehospital plan, og endringar i nasjonale føringar for tenestene.